Hopp til innhold

Sjukepleiar eller vernepleiar 

Arbeidsgiver

Psykisk helse og rusarbeid, Time kommune

Sted

Røyrvika 2, 4340 Bryne

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar eller vernepleiar
Oppstart
4. mai 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. mars

Me søkjer sjukepleiar/vernepleiar i vikariat med oppstart snarast mogleg og fram til 31.08.27.

Vil du bruke faget ditt der det verkeleg betyr noko – for menneske som treng deg?
Meistringssenteret i Time kommune søkjer etter ein engasjert sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller rus.

Hos oss får du jobbe med menneske som står i krevjande livssituasjonar – og vere ein del av eit fagmiljø som jobbar målretta for å skape varig endring og meistring i kvardagen.
Er du opptatt av relasjonar, recovery og fagleg utvikling? Har du lyst til å bidra i eit engasjert og varmt arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort hjarte? Då er det kanskje deg me ventar på!

🧠 Kven er me?

Meistringssenteret i Time kommune gir tilbod til innbyggjarar over 18 år med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Me arbeider etter Helsedirektoratet sine anbefalingar, og organiserer tenestene i forløp for å sikre struktur, kvalitet og individuell tilpassing:

Forløp 1: Kurs- og gruppebaserte tilbod, samt individuell rettleiing. Me nyttar mellom anna assistert sjølvhjelp, og tilbyr både digitale og fysiske kurs.

Forløp 2: For innbyggjarar som har behov for både kurs og individuell oppfølging. Målet er å styrke meistring og førebu livet utan kommunale tenester.

ROP-team: For innbyggjarar med samansette utfordringar, som treng tett tverrfagleg oppfølging over tid.


Arbeidsoppgåver

Oppfølging av innbyggjarar, med vekt på motivasjon, meistring og deltaking

Individuelle samtalar og samarbeid med pårørande og andre tenester

Kartlegging og oppfølging av somatisk og psykisk helse

Legemiddelhandtering og helsefagleg vurdering i samarbeid med fastlege og andre tenester

Bidra i utvikling og bruk av velferdsteknologi

Planlegging og gjennomføring av kurs og grupper – me er stolte av kursverksemda vår og ønskjer å utvide den

Deltaking i fagutvikling og kollegabasert rettleiing

Rettleiing av studentar – alle tilsette har ansvar for dette, då studentar er ein viktig del av Meistringssenteret sitt fagmiljø

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar


Det er ein fordel med:

Vidareutdanning i kognitiv terapi og eller psykisk helsearbeid

Erfaring frå kursarbeid eller gruppebaserte tilnærmingar

Kjennskap til Assistert Sjølvhjelp

Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og/eller rus, somatikk

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg, engasjert og har eit varmt medmenneskeleg blikk.
  • Du trivst med å samarbeide tett – både med innbyggjarar, pårørande, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Me ser etter deg som taklar endringar og uventa vendingar – for dagen blir ofte ikkje heilt som me hadde tenkt.
  • Humor er viktig hos oss! Det gjer godt å kunne le i lag i ein travel kvardag, og det styrkjer både fellesskap og trivsel.
  • Du er fagleg nyfiken, sjølvstendig og har tru på at alle menneske kan oppleve meistring og utvikling.
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
  • Førerkort klasse B manuell gir

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull arbeidskvardag i eit fagmiljø med stort engasjement
  • Høve til å påverke utviklinga av tilbodet vårt
  • Tverrfagleg samarbeid og tett kollegastøtte
  • Fokus på fagutvikling, rettleiing og opplæring
  • Ein arbeidsplass med glimt i auga, rom for refleksjon – og ekte arbeidsglede
  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Arbeidstida er i utgangspunktet dagtid, måndag til fredag, utan turnus eller helgevakter. Dersom behova endrar seg over tid, kan det bli aktuelt med justeringar i arbeidstidsordninga.

Kontaktinformasjon

Cathrine Kleppe, Avdelingsleiar, +47 47388387

Arbeidsstad

Røyrvika 2
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5089689574
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.05.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 29.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Cathrine Kleppe

Avdelingsleiar

+47 47388387

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6b573a67-6544-4349-857b-b158f2ff9230

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

613ed9d8813840f68954e9f647d103be

Lignende annonser

Laster lignende annonser