Rådgjevar
Forsking og innovasjon, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar forsking og innovasjon
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 17. november
Seksjon for forsking og innovasjon har ledig eit års vikariat som rådgjevar i 100% stilling. Oppstart i stillinga frå 15.01.2025.
Stillinga er plassert i Fag- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon. Forskings -og innovasjonsverksemda er under stadig utvikling og gode støttesystem for å stette nasjonale krav til forsking og innovasjon er viktig. I tillegg har seksjonen ei analyseeining som jobbar med analysar rundt variasjon i forbruk av helsetenester på kommunenivå, og i spesialisthelsetenesta.
Vi leitar etter ein utviklingsorientert medarbeidar som ønskjer å bidra til å vidareutvikle forskings -og innovasjonsverksemda vår. 
Stillinga er 1 års vikariat grunna foreldrepermisjon.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er variert og inneheld ulike administrative oppgåver og sakshandsaming knytt til forsking og innovasjon. Stillinga krev eit tett samarbeid både med forskarar, leiarar, stabsområde i Helse Førde, nasjonale og internasjonale partnarar.
Generelle arbeidsoppgåver:
- Forskingsadministrativ støtte til leiing, fagmiljø, og eksternt finansierte prosjekt
- Administrativ støtte til leiing og fagmiljø i innovasjonsprosjekt
- Saksførebuing, oppfølging, rapportering, og utgreiing knytt til ansvarsområdet
- Ansvar for rapportering nasjonalt og regionalt i samarbeid med seksjonsleiar
- Oppfølging knytt til drift av prosjekt: økonomi, koordinering, rapportering
- Utlysing av interne midlar til forsking og innovasjon
- Vedlikehalde og oppdatere internkontrollsystem for forsking og innovasjon
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på minimum bachelornivå
- Erfaring frå prosjektarbeid og/eller forskingsadministrativt arbeid
- Erfaring frå prosjektarbeid og/eller administrativt arbeid knytt til innovasjon
- Kjennskap til innovasjonsmetodikk og innovasjonsprosessar
- Relevant erfaring frå helsetenesta er ein fordel
- Systemkunnskap og erfaring med saksbehandling og rapportering
Utdanningsretning
- Biologi
- Medisin
- Administrasjon/organisasjon/leiing
- Helsefag
Utdanningsnivå
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar som kan arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar, og som har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Vidare må ein ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og ha god digital kompetanse.
- Fleksibel og evne til å ha fleire ballar i lufta
- Løysingsorientert, heilskapstenkjande, strukturert og leveringsdyktig
- Vere brubyggar internt i organisasjonen og med eksterne partar
- Evne til å meistre korte tidsfristar og handtere høgt arbeidspress i periodar
Vi tilbyr
- Vi kan tilby ein variert og spanande arbeidsplass, der du får bidra i utviklingsarbeid og har rom for å utforme eigen arbeidskvardag
- Gode kollegaer og eit spanande miljø
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Inkluderande arbeidslivsordning (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Guro Mjanger, Seksjonsleiar, (+47) 992 58 047Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5032949292
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Guro Mjanger
Seksjonsleiar
(+47) 992 58 047
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
- Sektor 
- Offentlig 
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 6b368665-72a7-489f-9ac3-73cd24dcbb00 
- Sist endret
- 28. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- 25ac0b3ae37e4c1baba83d0c7cd4d696 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Rettleiingstenesta Vestland nord - Førde, Vestland fylkeskommune
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Rekneskap, Helse Førde
Sted
Førde
Rådgivande overlege
Arbeidsgiver
Nav Vestland Kompetansesenter for arbeidshelse
Sted
Førde, Førde