Byggesakshandsamar
Ørsta kommune, Plan, byggesak og oppmåling
Dalevegen 6, 6153 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Byggesakshandsamar
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ørsta kommune har ledig ei fast stilling som byggesakshandsamar.
Byggesaksavdelinga ligg til tenesteområdet plan, byggesak og oppmåling. Avdelinga har m.a. ansvar for kart, oppmåling, byggesakshandsaming, tilsyn, planarbeid og rettleiing. Avdelinga er organisert med tenesteleiar, og er knytt til kommunalområdet teknisk, eigedom og landbruk.
Stillinga inngår i eit team med tre sakshandsamarar, og har tett samarbeid med heile avdelinga. I tillegg vil både intern og ekstern samhandling vere ein viktig del av arbeidskvardagen. Som byggesakshandsamar vil du delta i byggesaksforum for Søre Sunnmøre og på andre aktuelle arenaer for kompetansedeling og fagleg utvikling. Det vil vere forventa at ein både kan arbeide sjølvstendig og i team. Dette er ei flott moglegheit til å bidra til ei positiv utvikling i kommunen ved å sikre at små og store byggeprosjekt fyl gjeldande regelverk og planer.
Kommunen er i stadig utvikling som betyr at byggesakshandsamarane får bryne seg på alt frå vanlige bolighus til større prosjekt.
Tenestestad er Ørsta rådhus i kontorfellesskap for plan-, byggesak- og oppmålingsavdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Handsaming av byggesaker, dispensasjoner og klager
- Gi rettleiing om regelverket og søknadsprosessen for byggesaker
- Handsaming av utsleppsløyve
- Aktiv bruk av bygningsarkiv for historiske dokument knytta til bygg
- Matrikkelføring
- Undersøke og følge opp ulovlige forhold etter plan- og bygningslova, ofte basert på tips
- Utføre dokumenttilsyn og tilsyn, innvendig og utvendig, i bygg og på byggeplasser
- Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet, høgskule eller fagskule
- Bakgrunn som jurist, arkitekt, rådgivar, ingeniør eller andre relevante yrker er ein føremon
- Erfaring fra byggesaksbehandling, kommunal saksbehandling eller fra bygge-/anleggs prosjektering i privat sektor vil vere ein fordel og kan vege opp for manglande utdanning.
- Kjennskap til plan- og bygningslova, anna aktuelt regelverk og rettleiarar vil vere ein fordel
- God digital kompetanse
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Førarkort klasse B er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og lærevilleg
- Du er strukturert og systematisk
- Du er løysingsorientert
- Du er serviceinnstilt
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har ei fleksibel haldning til arbeidsoppgåver og organisering
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø i eit nyoppussa kontorlandskap
- Eit arbeidsmiljø med både nyutdanna medarbeidarar og medarbeidarar med lang erfaring, samt god alders- og kjønnsfordeling
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid
- Gode faglege utviklingsmoglegheiter med formål om å gi ei betre og meir effektiv teneste
- Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Stillinga vert plassert i kap. 4 eller 5 i HTA ut i frå formell kompetanse.
Stillingskode og lønsplassering vert fastsett etter kvalifikasjon og avtale ved tilsetting.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Johnny Saure Riise, Tenesteleiar plan byggesak og oppmåling, 41 23 52 93, johnny.riise@orsta.kommune.noArbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4872481194
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 05.11.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2771011
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e27f49be85a24edd8512a11f99a43edc