Hopp til innhold

Pedagogisk leiar/ barnehagelærar i Bekkjarvik maritime FUS barnehage.

Arbeidsgiver

Bekkjarvik maritime FUS barnehage as

Sted

Alvamyrvegen 11, 5397 Bekkjarvik

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Pedagogisk leiar/ barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

I FUS har vi store ambisjonar – vi ønskjer å bli best på barnehage!
Vi trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skaper framtida, og vi søkjer ein engasjert barnehagelærar/pedagogisk leiar som vil vere med på denne reisa. 

Bekkjarvik maritime FUS barnehage ligg landleg til i enden av eit byggjefelt. Me har fine turområder som barnehagen bruker aktivt. Barnehagen har eit maritimt konsept. Me har saltvannskavkarie i barnehagen, og eigen barnehagebåt som me bruker i perioden mai- oktober. Dei tilsette som bruker båt må ha båtførarbevis. 

Barnehagen har no ledig stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar - fast stilling. 

Barnehagen har og ledig barnehagelærarstilling - vikariat - 60%. Førebels fram til 5. mars. 

Søkjarar til desse stillingane vil bli vurdert fortløpande. 

Er du engasjert? Tek du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?

Verdset du kunnskap? Er du trygg på eiga kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andres kunnskap og lærer av andre?

Er du reflektert og oppteken av å finne løysingar på utfordringar? Ja? Då kan det vere akkurat deg vi ser etter! Arbeids- og ansvarsoppgåver vil mellom anna vere:
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet
  • Vere ein del av barnehagen sitt leiarteam – bidra til å rettleie og utvikle potensialet hos andre
  • Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet
  • Sjå barnehagen i eit heilskapleg perspektiv, og samtidig bidra til heilskapleg omsorg for det einskilde barnet
Vi tilbyr:
  • Rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar
  • Opplæring gjennom vårt kompetansehevingsprogram Barnet først!
  • Moglegheit til å bidra med eigne relevante ferdigheiter eller interesser
  • Moglegheit til å vere med og vidareutvikle barnehagen
  • Moglegheita til å bli ein del av ein større kjede med høgt fagleg fokus
  • Gode løns- og pensjonsvilkår (Evt. legg inn løn etter lokale avtalar)
  • Eigne FUS-klede
Vi ønskjer at du:
  • Er utdanna barnehagelærar
  • Har eit sterkt engasjement for barnehagefaget og likar å halde deg fagleg oppdatert
  • Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, føresette og kollegaer
  • Er oppteken av endringsarbeid og evnar å engasjere personalet
  • Har båtførerbevis, eller er villig til å ta dette. 

Søkjarar vil bli vurderte ut frå personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har som mål å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidreg til eit inkluderande fellesskap.

Tilsetjinga føreset godkjend politiattest i samsvar med barnehagelova, som må leverast før eventuell oppstart i stillinga.


Vår ambisjon er å sette en ny standard for kvalitet i barnehagen, å bli selve referansen i bransjen. Det klarer vi bare med å bygge det beste laget, med de flinkeste medarbeiderne. Derfor satser vi tungt på forskning og utdanning, og samarbeider med ulike universitet og høyskoler. Vi er opptatt av å være en lærende organisasjon. Vår største satsning er Barnet Først, et barnehagebasert kompetanseutviklingsarbeid i alle våre barnehager som har søkelys på å øke prosesskvaliteten mellom ansatte og barn i avdelingene. Som ansatt i FUS blir du en del av et stort og profesjonelt fellesskap med barnehager fordelt i 85 kommuner med over 3500 ansatte og 14 000 barn.

Kontaktperson for stillingen

Katja Djupevåg

Dagleg leiar

47647373

dl.bekkjarvik@bhg.no

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6afce578-93c9-4b0b-b70d-50cc53749006

Sist endret

19. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

72448fbcdb804df8a1cf2727f2a96fb0

Lignende annonser

Laster lignende annonser