Lærar - inntil 140 % vikariat
Edland skule, Vinje kommune
Storegutvegen 48, 3895 Edland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar - inntil 140 % vikariat
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Edland skule er ein 1-10 skule som ligg i vakre Vinje kommune. Skulen har nærleik til flott natur, og brukar nærområdet mykje til aktivitetar og turar. Me har store og fine uteområde til leik og læringsaktivtetar, og har mellom anna sykkelløype, ljosløype, fotballbane og uteklasserom.
Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har god evne til å bygge relasjonar. Me legg stor vekt på tryggleik, trivsel og eit inkluderande læringsmiljø der alle har høve til å utvikle seg.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplan.
- Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane med god klasseleiing.
- Delta i, og bidra til eit profesjonelt lærande fellesskap på skulen.
- Delta i tverrfagleg samarbeid.
- Vera ein trygg og god vaksenperson i møte med elevar og andre vaksne.
- Andre funksjonar i skulen kan bli lagt til jobben.
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning i høve gjeldande lovverk.
- God fag-, metode- og relasjonskompetanse.
- Gode digitale ferdigheiter og kunnskap om pedagogisk bruk av IKT.
- Gode skriftlege nynorskferdigheiter.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar.
- Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar og er engasjert.
- Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring.
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar.
- Du er strukturert og overheld tidsfristar.
- Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar.
- Du tek ansvar og er profesjonell.
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du er engasjert i leik og samhandling med barn.
Me tilbyr
- Flotte og engasjerte elevar frå alle verdshjørne.
- Kantine med gratis skulemat for elevar og hyggeleg pris for tilsette.
- Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø.
- Kontaktlærar har eit tillegg på kr. 42.000 pr. år for 1.-4. trinn og kr. 36000 pr. år for 5.-10. trinn.
- Nyutdanna lærarar får rettleiing.
- Løn etter avtale.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
- Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.
- Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden.
- I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
- I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
- Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Rune Sudbø Tveito, Verksemdsleiar, 40915955, rune.tveito@vinje.kommune.noArbeidsstad
Storegutvegen 483895 Edland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4970280274
Stillingsprosent: 100, 40%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943896
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b91b67bfed264fbf976ade4a2789e5ce