Opplæringskoordinator
Nav Region Sunnfjord
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Om jobben
- Oppstart
- 1. desember 2026
- Stillingstittel
- Opplæringskoordinator
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. november
Vår noverande opplæringskoordinator hoppar straks inn i nye arbeidsoppgåver i Nav og etterlet seg difor ein spennande jobb!
Kan det vere at akkurat DU har lyst til å gi fleire moglegheita til utdanning, kvalifisering og arbeid?
Nav region Sunnfjord dekker kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Regionen består av ca 100 tilsette - alle veldig klar for å ynskje deg velkomen til eit godt arbeidsmiljø og høve til å påverke opplærings- og kvalifiseringstilbod i fylket. Litt meir spesifikt vil du ha arbeidsplass på regionkontoret Nav Sunnfjord og Ytre Sogn. Sjølv om fleire av oss er mykje på farta der "det skjer" har vi kontorplassen vår på Sunnfjord rådhus. Ikkje berre har vi kjekke, engasjerte og dyktige fagfolk på kontoret, du vil også møte ein fleksibel arbeidsplass kor du både kan nytte trening i arbeidstida, bli kjent med heile gamle Sogn og Fjordane og ikkje minst legge opp din eigen arbeidsdag.
Vi søkjer med dette ein engasjert opplæringskoordinator som vil vere med på å styrkje samarbeidet mellom Nav, utdanningssektoren og arbeidslivet. Målet er at fleire skal få den kompetansen arbeidsmarknaden etterspør, og at fleire skal få moglegheit til å fullføre utdanning og kome i arbeid.
Dette er ei stilling for deg som trivst i skjeringspunktet mellom menneske, kompetanseutvikling og arbeidsliv. Rolla kombinerer samarbeid, utviklingsarbeid og nettverksbygging, og gir høve til å påverke korleis Nav kan bidra til at fleire lykkast med utdanning og kvalifisering. Som opplæringskoordinator blir du ein sentral ressurs for Nav-kontora i regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Du vil arbeide tett med kollegaer i Nav, fylkeskommunen, utdanningsaktørar og arbeidsgjevarar for å utvikle gode opplæringstiltak og kvalifiseringsløp som møter behova til både brukarane og arbeidslivet. Du blir ein viktig del av fagmiljøet for opplæringskoordinatorar i Nav Vestland, der samarbeid, erfaringsdeling og felles utviklingsarbeid står sentralt. Fagmiljøet i Vestland består av fire opplæringskoordinatorar som saman jobbar opp mot alle regionar i fylket.
Kva går jobben ut på?
Kva går jobben faktisk ut på?
- vere vår ressursperson på kvalifiseringstilbodet og dei ulike moglegheitene innan fag- og yrkesopplæring
- samarbeide tett med Nav-kontora og bidra til kompetanseutvikling på fagområdet
- bidra i, eller leie, prosessar for å utvikle gode opplæringstiltak som møter behova til Nav sine prioriterte målgrupper og arbeidsmarknaden sine kompetansebehov, til dømes FagVeg
- følgje opp og forvalte samarbeidsavtalar, tiltak og opplæringsmodellar
- følgje opp og styrkje samarbeidet mellom Nav og fylkeskommunen innan opplæring
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- fullført utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet, gjerne innan fagområde som opplæring, samfunnsfag, sosialfag, helsefag eller sal/marknadsføring. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- kjennskap til fag- og yrkesopplæring og den lokale arbeidsmarknaden
- erfaring med samhandling, nettverksbygging og relasjonsbygging
- gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- gode digitale ferdigheiter
- erfaring frå utviklings- eller prosjektarbeid
- kjennskap til Nav, fylkeskommunen eller andre aktørar innan utdanning og kvalifisering
- erfaring med formidling, opplæring eller fasilitering av grupper
Kven er du?
- du trivst med høg aktivitet og samhandling med ulike aktørar
- du har god relasjonskompetanse
- du er initiativrik og løysingsorientert, med evne til å tenkje på tvers av etablerte strukturar
Kvifor velje oss?
- ei meiningsfull stilling der du kan gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
- stillinga vert plassert i stillingskode 1364, med lønnsspenn frå kr. 694 000 til kr. 745 000 pr år. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Magne Berg, Regionleiar, 99241911, magne.kjetil.berg@nav.noBente Senneset Skilbrei, Avdelingsleiar, 95701358, bente.senneset.skilbrei@nav.no
Arbeidssted
Hafstadvegen 426800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5192601168
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 02.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6ac7f564-e7a6-4b17-9fd6-43c4ca6af19f
- Sist endret
19. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
22df2383434d4064aca2a6811fd81b31