Hopp til innhold

Intensivsjukepleiar med interesse for akuttmedisin 

Arbeidsgiver

Intensiv Førde, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Intensivsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 22. oktober

Intensiv Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for engasjert og dyktig intensivsjukepleiar. Oppstart i løpet av året, eller etter avtale. 

Om stillinga
Stillinga inngår i årsturnus med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Arbeidsstad er Førde sentralsjukehus. Stillinga kan ikkje delast.
Det er krav om deltaking i tredelt turnus, inkludert sein- og nattevakter. 

Om avdelinga
Intensivavdelinga i Førde har sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane. Avdelinga behandlar både medisinske og kirurgiske pasientar, frå pasientar som treng oppfølging etter mindre kirurgiske inngrep til intensivpasientar med behov for non-invasiv eller invasiv respirasjonsstøtte.

Avdelinga tilbyr pasientar mellom anna hemofiltrasjonsbehandling og hypotermi etter hjartestans.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver varierar frå behandling av postoperative pasientar, til meir avansert overvakings- og intensivbehandling.
  • Kvalifikasjonar

    • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon som sjukepleiar og vitnemål med bestått intensiv vidareutdanning
    • Ein må kunne handtere/ha erfaring med intensivpasientar og ha kompetanse på teknisk utstyr til denne pasientgruppa
    • Fagkompetanse er vesentlig
    • Erfaring vil bli vektlagt
    • Intensivsjukepleiar med pasientkontakt må beherske norsk munnleg og skriftlig på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarende Bergenstesten)
    • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

    Personlege eigenskapar

    • Det blir vektlagt at ein kan samarbeide i team, og ha evne til å kunne takle periodar med stress, men og takle roligare perioder der ein likevel jobbar med fag.
    • Være løysingsorientert

    Personlige eigenskapar blir vektlagt. Her er team arbeid, fleksibilitet og faglig interesse av stor betydning. 

    Vi tilbyr

    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Triveleg arbeidsmiljø
    • Høgt fagleg nivå
    • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

     

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

    Kontaktinformasjon

    Wenche Hårklau, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 080

    Arbeidssted

    Svanehaugvegen 2
    6812 Førde

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5191880046
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 22.10.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Wenche Hårklau

    Seksjonsleiar

    (+47) 578 39 080

    Om bedriften

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    34dcdb32-9f33-4b04-90a0-6466278fa296

    Sist endret

    7. oktober 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    61703331bd854741af316bc6c9f93790

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser