Spennande stillingar for sjukepleiarar
Kirurgi sengepost, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. oktober
Ledige stillingar
- 1 x 100% fast stilling: oppstart frå snarast eller etter nærare avtale
- 2 x 100% vikariat: 18.01.2027 - 16.01.2028
- 1 x 100% vikariat frå snarsat - 31.08.2027
Vi ber om at du opplyser i søknaden kva stilling du søkjer på, eller om du ønskjer å bli vurdert for alle stillingane.
Er du klar for ein kvardag med høgt tempo, fagleg utvikling og eit sterkt fellesskap? Då kan dette vere stillinga for deg!
Kirurgisk/ØNH/auge sengeposten ved Førde sentralsjukehus (FSS) er ein kombinert heildøgn- og femdøgnspost der heildøgnsposten har 16 sengeplassar og femdøgnsposten 8 sengeplassar.
Vi tek imot både elektive pasientar og pasientar med behov for augeblikkeleg hjelp innan eit breitt spekter av kirurgiske fagområde:
- Augekirurgi👁
- Endokrinkirurgi🧠
- Gastrokirurgi 🍽
- Karkirurgi🫀
- Plastikkirurgi🧬
- Thoraxkirurgi🫁
- Urologi💧
- Øyre-nase-hals-kirurgi (ØNH)👂
Vil du bli ein del av vårt team?
Arbeidsturnusen er tredelt, med moglegheit for langvakter. Hos oss får du arbeide med dyktige kollegaer og vere ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å gi pasientane best mogleg pleie og behandling.
Send inn søknad i dag og bli med på å forme framtidas kirurgiske behandling ved Førde sentralsjukehus!
Arbeidsoppgåver
- Pre-og postoperativ sjukepleie, akuttsjukepleie, palliasjon
- Prosedyrer knytt til dei ulike fagområda
- Medikamenthandtering
- Dokumentasjon og rapportering
- Tverrfagleg samarbeid
- Samhandling med kommunehelsetenesta
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
- Er norsk autorisert sjukepleiar
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Har interesse for kirurgiske fag og varierte oppgåver
- Det er ønskjeleg med kirurgisk erfaring/kompetanse innanfor fagfelta t.d. gastro (stomi), urologi, plastikk, karkirurgi, thorax, øyre/nase/hals (tracheostomi) eller auge.
- Har medisinsk teknisk kunnskap og IT- kompetanse, fordel å ha kunnskap om programma DIPS Arena, IMATIS, Meona og Orbit
Personlege eigenskapar
- Tilpassingsdyktig
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Sjølvstendig
Kva kan vi tilby deg
- Ein variert og spennande arbeidskvardag med mange prosedyrar og utfordringar
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, fokus på kvalitet og fagleg utvikling
- Inspirerte og dyktige kollegaer som er gode på samarbeid og trivst i lag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linn Beate Årnes, Seksjonsleiar, +47 952 06 487Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5182752842
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 11.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Linn Beate Årnes
Seksjonsleiar
+47 952 06 487
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a62a07c0-07ba-4450-bf25-1b540702f080
- Sist endret
21. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
abc6e5721bd44fc096e1bba93e974507