Helsesekretær og sekretær - faste stillingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledige faste stillingar for Helsesekretærar og sekretærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. august
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:
- Revmatologisk avdeling/Revma kontorseksjon
- Laboratorieklinikken, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT)
- Bemanningssenteret
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Revmatologisk avdeling/Revma kontorseksjon Revmatologisk avdeling har ansvar for og oppfølging av pasientar med revmatiske lidingar i helseregionen. Opplæring og hjelp til meistring står sentralt i arbeidet. Vi jobbar tverrfagleg saman med fleire yrkesgrupper. Avdelinga har poliklinikk, dageining, sengepost, rehabiliteringseining, infusjonspost og osteoporosesenter, samt avdeling for fysioterapi, ergoterapi og øvingsbasseng.
Kontakt: Else Karin Synnevåg, Tlf. 91643038
Laboratorieklinikken, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ein avdeling i Laboratorieklinikken. Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervisning. Avdelinga søker nå etter helsesekretær i 100% fast stilling. Som helsesekretær ved avdelinga vil du ha varierte og utfordrane arbeidsoppgåver, og du vil vere ein del av vårt kontor og tappe personale (tappe blodgivarar).
Kontakt: Nina Duus Kildedal, Tlf 55977956
Bemanningssenteret er Haukeland universitetssjukehus sitt interne bemanningsbyrå. Vi formidlar personell til alle avdelingar i sjukehuset for kortare eller lengre oppdrag. Som tilsett hos oss vil du få ein unik moglegheit til å opparbeide deg brei kompetanse, fagleg utvikling og bli godt kjent med mange ulike einingar på sjukehuset. Leiar for den merkantile gruppa i Bemanningssenteret gjennomfører jamlege personalmøte og fagdagar for dei tilsette.
Kontakt: Sigrun Hoem Evensen, Tlf. 90740524
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling- Blodprøvetaking/tapping av blod (Laboratorieklinikken)
- Pasientadministrative oppgaver
- Telefon/resepsjonsteneste
- Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
- Økonomisk oppgjer
- Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
- Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
- Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
- Du må ha gode IKT-kunnskapar
- Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
- Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktigheit
- Serviceinnstilling
- Fleksibel og evne til å ta utfordringar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Sigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar, +47 90740524Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5002391440
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Sigrun Hoem Evensen
Seksjonsleiar
+47 90740524
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6a99b727-a9dc-403c-917c-63b8ff3fbac4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
48202b7d3752408e91e61efcc5b7aae5