Hopp til innhold

Ergoterapeut/spesialergoterapeut

Arbeidsgiver

Klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Ergoterapeut/spesialergoterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Vil du bruke ergoterapifaget der tidleg kartlegging og rehabilitering kan ha stor betydning for pasienten sitt vidare forløp?
Seksjon for kliniske støttefunksjonar ved Ålesund sjukehus har ledig 100 % fast stilling som ergoterapeut/spesialergoterapeut frå 01.11.2026.

Stillinga er i hovudsak knytt til medisinsk avdeling, der du får ei sentral rolle i oppfølginga av pasientar med hjerneslag, geriatriske og andre medisinske problemstillingar som gir funksjonsutfall. Du vil arbeide tett saman med lege, sjukepleiar, fysioterapeut og logoped, med særleg ansvar for kognitiv og fysisk kartlegging, funksjonsvurdering og tidleg rehabilitering.

Arbeidskvardagen er variert og gir stor grad av sjølvstendig fagleg ansvar. Samtidig blir du ein del av eit godt fagmiljø med tett samarbeid mellom ergoterapeutane i seksjonen og med ergoterapeutane ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering.
Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, trivst i eit tverrfagleg miljø og ønskjer å bidra til å utvikle ergoterapitilbodet ved Ålesund sjukehus.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og vurdering av kognitiv og fysisk funksjon hos pasientar ved medisinsk avdeling
  • Tidleg opptrening og iverksetting av ergoterapeutiske tiltak med utgangspunkt i pasienten sitt funksjonsnivå og behov
  • Aktiv deltaking i tverrfagleg vurdering, behandling og planlegging av vidare pasientforløp
  • Rettleiing og undervisning av pasientar, pårørande og kollegaer
  • Samarbeid med helsepersonell i kommunehelsetenesta for å bidra til gode overgangar og vidare oppfølging
  • Polikliniske kartleggingar og vurderingar
  • Rettleiing av ergoterapistudentar
  • Bidra til fagutvikling, kvalitetsforbetring og vidareutvikling av ergoterapitilbodet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid
  • Erfaring frå arbeid med hjerneslag, geriatri, nevrologi eller andre relevante medisinske problemstillingar er ein fordel
  • Erfaring med kartlegging og vurdering av kognitiv funksjon og ADL er ønskjeleg
  • Relevant vidareutdanning eller spesialistkompetanse er ein fordel (spesialergoterapeut)

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg og sjølvstendig i rolla som ergoterapeut, og tek ansvar for eigne faglege vurderingar og prioriteringar
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og trivst med å arbeide i tverrfaglege team
  • Du arbeider strukturert og målretta, og evnar å prioritere i ein variert og tidvis travel arbeidskvardag
  • Du er pasientorientert og møter pasientar og pårørande på ein trygg og respektfull måte
  • Du er fleksibel og løysingsorientert, og tilpassar deg endringar i pasientbehov og arbeidsoppgåver
  • Du er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til utvikling av tenesta og eit godt fag- og arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Henrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar, henrik.ronningsbakk.jansson@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5164680395
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Henrik Rønningsbakk Jansson

Seksjonsleiar

henrik.ronningsbakk.jansson@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

69fd9ba1-3509-4358-b70f-259cc7a353af

Sist endret

19. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d9e65082e30047328150bf8d9e42e507

Lignende annonser

Laster lignende annonser