Utdanningskoordinerande overlege HMR HF
Spesialutdanning, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda, Opdølvegen 2, 6450 Hjelset, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Utdanningskoordinerande overlege HMR HF
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. juni
Vi søkjer ein motivert lege med eit brennande engasjement og interesse for utdanning til funksjonen som utdanningskoordinerande overlege i helseforetaket.
Helse Møre og Romsdal har som utdanningsverksemd overordna ansvar for fagleg innhald og praktisk gjennomføring av spesialistutdanning av legar i alle våre 31 spesialitetar i tillegg til LIS 1. Dette skal sikre at LIS får gjennomført si utdanning med god fagleg kvalitet innanfor ei akseptabel tidsramme og i samarbeid med andre foretak.
I rolla som UKO kan HMR tilby deg breie moglegheiter for kompetanseheving, eit engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø i samarbeid med kliniske miljø, Fagavdelinga og leiargruppa.
Stillinga er ledig frå 1. august, og startdato kan avtalast. Arbeidsstad kan vere på ein av våre lokasjonar.
Vi ser fram til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Dei viktigaste oppgåve vil vere det daglege ansvaret for å ivareta og utvikle vidare LIS-utdanninga i helseforetaket, frå LIS1 til ferdig spesialist, innanfor lokale, regionale og nasjonale krav og ønsker.
- For LIS 1 vil du i tillegg få ansvar for gjennomføring av introduksjonskurs og det faglege innhaldet i deira utdanningsløp i samarbeid med aktuelle avdelingar. I samarbeid med dei kliniske miljøa skal du sikre god fagleg kvalitet i dei respektive spesialiseringsløpa for LIS 2/3.
- Både regionalt og nasjonalt er det etablert jamnlege faste møtepunkt med utdanningskoordinerande overlegar i regionen og regionalt utdanningssenter som du vert inkludert i.
- Du må rekne med noko reiseverksemd i foretaket for å møte dei kliniske miljøa og leiarar, samt noko reise regionalt for møte med dei andre foretaka i vår region og samarbeid med Regionalt utdanningssenter.
Kvalifikasjonar
- Du må vere overlege og spesialist med god kjennskap til spesialisthelsetenesta.
- Interesse, engasjement og formell kompetanse innan utdanning, rettleiing, pedagogikk og forsking vil vere ein fordel, men er ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig, systematisk og har god munnleg og skriftleg formidlingsevne
- Du er flink til å motivere, engasjere og inkludere kollegaer, og er ein god relasjonsbyggar med gode team- og samarbeidsevner
- Personlege eigenskaper vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Størrelse på stillinga kan vere mellom 50-100% alt etter dine ønsker og moglegheiter
- Moglegheit for kompetanseheving
- Engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø med samarbeid både med resten av fagavdelinga, leiargruppa, kliniske miljø i foretaket og regionale fora
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Har du spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med:
Utdanningssjef Guro Berge, epost: guro.berge@helse-mr.no
Kontaktinformasjon
Guro Berge, Utdanningssjef, +47 90513195, Guro.Berge@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4966041275
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2946528
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d71757dc955f45e69ff5cb5263882864