Tilkallingsvikar - Edland skule
Edland skule, Vinje kommune
Storegutvegen 48, 3895 Edland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar - Tilkallingsvikar
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 22. august
Edland skule er ein 1–10-skule med omlag 80 elevar, og ligg sentralt til i vakre Vinje kommune. Me har eit trygt og inkluderande læringsmiljø med engasjerte elevar og eit godt fagleg og sosialt kollegium.
For skuleåret 2025–2026 har me behov for tilkallingsvikarar, både på barnetrinnet og ungdomstrinnet. Det kan også vera behov for vikarar på SFO. Me søkjer etter engasjerte og dyktige tilkallingsvikarar, som vil jobbe hjå oss skuleåret 2025-2026.
Dette er ei ope utlysing og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Tilkallingsvikar for kortare og lengre fråver
- Undervisning på 1.-10. trinn
- Aktivt bidra til å byggje laget kring elevane
- Delta på relevante møte
- Delta på skulens utviklingsarbeid
- Assistent på SFO i skuletida og i feriar
- Andre relevante oppgåver i skulen, som til dømes inspeksjon
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter deg som har erfaring frå arbeid med born og unge, gjerne som har godkjent utdanning, men dette er ikkje eit krav til stillinga. Det er ein fordel om du har jobba på skule tidlegare, men alle er i utgangspunktet velkomne til å søkje på stillinga om du tenker du er skikka til jobben.Personlege eigenskapar
- Du har godt humør, er raus og trivast saman med elevar
- Du har eit positivt elev- og menneskesyn
- Du likar å vera aktiv deltakande i samhandling, aktivitetar og leik
- Du er tydeleg, strukturert og evnar å omstille deg på kort varsel
- Du er ein tydeleg og omsorgsfull klasseleiar
- Du har høge ambisjonar på vegne av elevane
- Du stiller presis og godt førebudd til skuledagen
- For lærarvikarar må du planleggje og gjennomføre undervisning
- Du er ein god formidlar og evnar å skape gode relasjonar
- Du likar å arbeide i team, delar kompetanse og bidreg til gode og trygge rammer kring elevane
- Du likar å lære nye oppgåver
Vi tilbyr
- Ein god skule som har eit godt arbeidsmiljø, høg kompetanse og stort engasjement
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Rune Sudbø Tveito, Verksemdsleiar, 40915955, rune.tveito@vinje.kommune.noArbeidsstad
Storegutvegen 483895 Edland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4999163647
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 18.08.2025
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 22.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Edland skule ligg øvst i Vinje nær Haukelifjell / Bykleheia. Edland skule er ein 1–10 skule med 80 elevar. Skulen arbeider for eit trygt, godt og inkluderande skule- og læringsmiljø der elevane skal oppleve meistring og trivsel.
Skulen har som mål å ha lærande og inkluderande fellesskap for alle elevar og vaksne. Me arbeider for eit positivt elevsyn med mål om at skulen skal vera ein god stad å vera og lære. Edland skule har fokus på klasseleiing og lesing i utviklingsarbeidet, og nyttar fysisk aktiv læring og nærværstrening som støtte og hjelp til å nå livsmeistringsmålet som er Vinje Oppvekst si hovudsatsing.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
69c7e411-c10e-4270-845f-88dbc3c739dd
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3b0d2c25fe4449bfa7ba1239d805d72c