ID 2232 Helsefagarbeidar - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 90%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst på nye utfordringar og arbeide med barn / unge med særskilde behov?
Sævarhagen avlasting og barnebustad gir tilbod til barn og unge med funksjonsnedsettingar. Brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Som helsefagarbeidar i avdelinga vil du få ansvar for å følgja opp brukarane, og samstundes væra med på utvikla avdelinga saman med dyktige kollegaer. Eining for habilitering nyttar positiv atferdststøtte (PAS) som metodisk rammeverk og verdigrunnlag i all tenesteyting.
Me søkjer deg som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede og gode samarbeidsevner. Du likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du er fagleg trygg og kan ta ansvar i avdelinga. Du har godt humør, trivest saman med barn og unge, og er omsorgsfull, fleksibel, og strukturert.
**Det er ledig fast 90 % stilling som Helsefagarbeidar i Sævarhagen avlasting og barnebustad frå 01.10.2024.**Moglegheit for 100 % stilling ved auka helgefrekvens.
Stillinga har turnus med dag/kveld, langvakter og arbeid kvar 4.helg.
Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna:-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97552097
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2698662
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
69b3feb6-1673-41e0-9750-3fa87da78b42