Psykologspesialist
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen HF
Tertnesveien 37, 5113 Tertnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bjørgvin Distriktspsykiatriske Senter er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og bydelane Åsane og Arna i Bergen kommune. Samla har vi eit opptaksområde med omkring 80.000 innbyggarar over 18 år.
Bjørgvin DPS består av fagområda allmenn og psykose, og ligg på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver. Det gis polikliniske tenester begge stader, døgnavdelingane er lokalisert på Tertnes.
Vi søker etter psykologspesialist til allmennpsykiatrisk døgnavdeling C1, da vi ønsker å styrke behandlarteamet ytterlegare. Det er ønskeleg med psykologspesialist med spesialisering innan klinisk vaksenpsykologi.
Ved avdeling C1 har vi frå før 2 overlegar, psykologspesialist, psykolog, LIS 1 og 3 legar og sosionom. I tillegg er det ein miljøpersonalgruppe, som består av høgskoleutdanna derav mange med relevant vidareutdanning. Avdelinga har eit godt arbeidsmiljø, der det blir lagt vekt på tverrfagleg samarbeid. Vi er opptatt av aktivitet og meistring, og søker også å hjelpe den enkelte pasient til auka forståing av kva for tiltak som er nyttige med tanke på betring. Fagleg tar vi utgangspunkt i fleire tilnærmingar, både innan dynamisk og kognitiv tradisjon og meir generell psykoedukasjon, avhengig av kva som passar for den enkelte. Vi har typisk innleggingar av relativt kort varigheit, men det er moglegheit for å ha noko poliklinisk verksemd parallelt med arbeidet i døgnavdeling.
Døgnavdelinga har 15 sengeplassar, derav 9 senger er 7- døgnsenger og 6 senger er 5-døgnsenger. Avdelinga er godkjent for tvungen psykisk helsevern, og har jamleg pasientar innlagd under tvungen vern, men langt flest er frivillig innlagd.
Bjørgvin DPS legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og har fokus på klinikk-nær forsking. Det er for tida tilsett 11,2 legespesialistar og 22 psykologspesialistar på heile Bjørgvin DPS. Vi har ein intern kollegial rettleiingsgruppe for spesialistar, som treffast månadleg for gjensidig støtte og refleksjon omkring pasientforløp, eigen rolle mv.
Arbeidsoppgåver
- Spesialisert utgreiing og differensiert behandling av tilviste pasientar
- Opplæring av pasientar og pårørande
- Rettleiing av den kommunale helsetenesta
- Undervisning og rettleiing av miljøpersonale
- Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist innan klinisk vaksenpsykologi
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med erfaring frå døgnavdeling
Personlege eigenskapar
- Engasjert og løysingsorientert
- Tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
- Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Ein spennande psykologstilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
- Lønn i henhald til avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehageplass
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Heidi Nielsen, Psykologspesialist fagleg ansvarleg, 55957000Eli Birkhaug, Klinikkoverlege, 55957000
Fredrik Hiis Bergh, Klinikkdirektør, 55957000
Arbeidsstad
Tertnesveien 375113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4998140771
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.08.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
69a9ac2c-fabb-46c6-87be-51ef8a4a2477
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8566e59c1888444ea3bd36f66482fcf0