Ph.d.-stipendiat i organometallisk kjemi og katalyse
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i organometallisk kjemi og katalyse
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. april
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wStipendiat i organometallisk kjemi og katalyse
Ved Kjemisk Institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i eksperimentell organometallisk kjemi og homogen katalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Hovudmålet med dette prosjektet er å utvikla katalysatorar som er meir eigna for industrielle applikasjonar i produksjon av CO2-baserte polymerar. Den som blir tilsett, vil designe, syntetisere og screene organometalliske sambindingar som potensielle homogene katalysatorar for effektivt og selektivt å konvertere epoksid og CO2 til polykarbonat eller til andre verdiaukande produkt. Arbeidet har hovudvekt på syntese, og innleiingsvis ligg fokuset på skreddarsydde metallkompleks basert på overgangsmetall og funksjonaliserte ligander. Prosjektet siktar også mot å avklare reaksjonsmekanismar og måtar som katalysatorane blir aktivert på. Overgangsmetallkompleksa vil bli systematisk testa i standard prosessar for epoksid/CO2 kopolymerisasjon, og deretter i prosessar med fornybare ressursar med sikte på meir miljøvenleg produksjon av plast.
Den som vert tilsett, vil inngå i eit team og vil jobbe i synergi med PhD-, og MSc- og BSc-studentar. Dette betyr også at kandidaten får høve til å utvikle evnene sine innan forskingsleiing og rettleiing.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.07.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå syntese av organometalliske forbindelsar er eit krav.
- Det er ein fordel med dokumentert erfaring innan:
- Syntese av organiske forbindelsar.
- Avanserte NMR-spektroskopiske metodar (inkludert multinukleær eller 2D NMR).
- Homogen katalyse.
- Andre analytiske teknikkar som IR, MS, GPC-SEC og røntgenkrystallografi.
- Polymerkjemi.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
For kvar av dei ovannemnde kvalifikasjonane som krevst, må dokumentasjon inkluderast, som beskrive under "Søknaden skal innehalde".
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 . Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Førsteamanuensis Erwan Le Roux, Kjemisk institutt, tlf. +47-55589491 / e-post: Erwan.LeRoux@uib.no eller Førsteamanuensis Mali Rosnes, Kjemisk institutt, tlf. +47- 55588260 / e-post: mali.rosnes@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Anna Folgerø, e-mail: anna.folgero@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig