Medarbeidar til sommarferieaktivitet
Høyanger kommune Høyanger kommune
August Gunnarskogs gate , 6993 Høyanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. april
BUA i Høyanger kommune søkjer etter ein «friskus» til å skape sommarferieaktivitet for born og ungdom i kommunen i tidsrommet 30.06.25 – 01.08.25 (5) veker). Søkjarar må vere over 18 år og kunne jobbe heile perioden.
Har du lyst å bidra til å skape gode sommarminner for born og ungdom i Høyanger kommune? Er du ein trygg, aktiv og litt sporty vaksenperson? Då er du kanskje den vi søkjer.
Arbeidsoppgåver :- Gjennomføring av aktivitetar og arrangement rundt om i kommunen med utspring frå BUA Høyanger og utstyret som finst der.
- Utlån av sports- og friluftsutstyr
- Vedlikehald av utstyr
- Bruke digitalt utlånssystem, samt bidra til å løyse øvrige oppgåver i BUA Høyanger.
- Køyre bil for henting og levering av utstyr
- Bli med å marknadsføre tilbodet
- Andre oppgåver i kultur og mangfald
Kvalifikasjonar :
- Vi søkjer trygge og ansvarsbevisste personar som er fleksible og som tar initiativ
- Ønskeleg at søkjarar har erfaring frå sport og/eller friluftsaktivitet.
- Har gode samarbeidsevner, er initiativrik og løysingsorientert
- Førarkort klasse B
- Du er kanskje i gang med studiar på høgskule eller universitet og brenn for faget ditt.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Løn etter tariff
- Godt arbeidsmiljø
- Opplæring og rettleiing.
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag.
- Ein lærerik sommarjobb med veker fylt med ansvar, kreativitet, aktivitet og mykje glede!
Det er krav om politiattest for den som blir tilsett.
Les meir om BUA Høyanger og kulturtilboda til kommunen her;
https://www.bua.no/utlansordninger/bua-hoyangerVil du vite meir om korleis det er å jobbe i BUA og elles i tenesteområdet kultur og mangfald? Kontakt folkehelsekoordinator Kristina Skogly på telefon 41412629 og høyr hennar erfaringar.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Einingsleiar Jeanette Wølke Friis Walsvik
+47 90076139
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2908858
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3487743_140387_nn