Hopp til innhold

Tilkallingsvikarar/helgestillingar ved sjukeheimane i Time kommune

Arbeidsgiver

Sivdamheimen 1, Time kommune

Sted

Røyrvika 12, 4344 Bryne

Om jobben

Stillingstittel
Tilkallingsvikarer/helgestillingar ved sjukeheimane i Time kommune
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. desember

Tilkallingsvikarar / helgestillingar i Time kommune.         

Det vil til tider vera behov for ringevikarar og helgestillingar på Sivdamheimen 1. etg og Bryneheimen 1. og 2. etg.

Bryneheimen har totalt 61 pasientar fordelt på to etasjer, hvor av 8 av plassene er tilrettelagt for personar med demens. Sivdamheimen 1.etg er ei avdeling fordelt på tre fløyer med 22 plasser for personar med demens. Alle avdelingar er langtidsavdelingar.

Du legg inn ein generell søknad der du oppgjer kva stilling du er interessert i, tilkallingsvikar eller helgestillingar. Skriv gjerne om du foretrekk Bryneheimen 1. etg, 2. etg eller Sivdamheimen 1. etg.

Leiarane i dei forskjellige avdelingane vil ved behov ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju.
Det finnes stipendordningar for sjuke- og vernpleiarstudentar.
Det er krav om politiattest for alle områda.

Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag. 

Arbeidsoppgåver

Vera med og gje omsorg og stell etter dei retningslinjene som er i kvar avdeling

Tilrettelegging av sosiale aktivitetar

Bidra til trygt og sosialt miljø for beboerar

Praktiske gjøremål 

 

 

Kvalifikasjonar

Studentar, elevar med helsefagleg bakgrunn

Andre med erfaring innan sjukeheim

Offentleg godkjenning som sjukepleier/vernepleiar/helsefagarbeidar

 

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Tek initiativ og kan arbeida sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • Likar nye utfordringar
  • Me legg vekt på at dei tilsette er eigna for stillinga

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

 

Kontaktinformasjon

Monica Taksdal, Assisterande leiar, 47631054, monica.taksdal@time.kommune.no

Arbeidsstad

Røyrvika 12
4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5015754643
Stillingsprosent: 0%
Anna

Kontaktperson for stillingen

Monica Taksdal

Assisterande leiar

47631054

monica.taksdal@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

69436814-d898-41f7-bf1c-da1bc9d32869

Sist endret

24. september 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

89adf48230034fef8c41ede241186ee4

Lignende annonser