Spesialsjukepleiar/sjukepleiar til LAR-utdeling
TSB poliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Oppstart
3. juni 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Har du erfaring eller interesse for rus og avhengnad, og ønskjer å vere med på å utvikle eit viktig behandlingstilbod? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi søkjer ein spesialsjukepleiar eller sjukepleiar til vår LAR-utdeling i Kopervik.
Som del av vårt team vil du få moglegheita til å bidra til utviklinga av eit behandlingstilbod som er avgjerande for menneske med rus- og avhengnadsutfordringar. I denne rolla vil du vere med på å styrkje og vidareutvikle LAR-behandlinga, samt delta aktivt i opprettinga av ei eiga avdeling for rus og avhengnad. Dette er eit spennande og utviklande prosjekt der du får vere med og forme framtidas behandlingstilbod i regionen.
Vi har desse ledige stillingane du kan søkje på:- 80 % fast stilling
- 100 % svangerskapsvikariat ut 2025, med moglegheit for forlenging
Velkommen som søkjar hos oss!
Arbeidsoppgåver- Gje behandling og oppfølging til pasientar i LAR-programmet (legemiddelassistert rehabilitering).
- Samarbeide med tverrfaglege team for å tilby heilskapleg behandling og rehabilitering.
- Bidra til utvikling av behandlingstilbodet, inkludert planlegging av ei eiga avdeling for rus og avhengigheit.
- Delta i veiledning og fagutvikling, både internt og i samarbeid med eksterne aktørar.
- Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer
- Er utdanna spesialsjukepleiar eller sjukepleiar, gjerne med erfaring innan rus og avhengigheit.
- Er engasjert, sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
- Ønskjer å vere med på å utvikle og forbetre behandlingstilbodet for pasientar med rus- og avhengigheitsproblem.
- Har eit sterkt fagleg engasjement og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Eit spanande og utviklande arbeidsmiljø der du får vere med på å forme framtidas behandlingstilbod.Gode moglegheiter for fagleg utvikling og spesialisering.
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid, kompetanseheving og trivsel.
- Fleksible arbeidstidsordningar og gode velferdsordningar.
Kontaktinformasjon
Daniel H. Reiersen , Funksjonsleder TSB-Poliklinikk, 91586623, daniel.heradstveit.reiersen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Asaldalvegen 1
4250 Kopervik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4818770766
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikariat, Fast
Startdato: 03.06.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 02.02.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2831627
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7b113a7e20f247ffa91852c5c95af574