Vikariat i 100% og fast helg i Ambulansetenesta - Seksjon Nord
Kirurgisk serviceklinikk / Akuttmedisinsk avdeling, Ambulanse seksjon Nord Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Autorisert Ambulansearbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Akuttmedisinsk avdeling, AMA, er ein avdeling under Kirurgisk Serviceklinikk, og har ansvaret for all ambulansedrift (bil, båt, helikopter) samt nødmeldetenesta i Helseføretaket. Avdelinga har om lag 360 tilsette. Avdelinga er i dag organisert i 3 ambulanseseksjonar, 1 AMK seksjon og 1 Luftambulanse seksjon.
Ambulanse seksjon Nord består av fem ambulansestasjonar: Knarvik, Osterøy, Austrheim, Åsane og Gulen.
Denne gongen søker vi etter autoriserte ambulansearbeidarar ved
Knarvik stasjon:
* 1 x 100% vikariat i perioden september 2025 til August 2026
* 1 x 36% fast helgestilling
Ved interne søkarar og overflytting kan det bli ledig ved andre stasjonar enn dei som er oppgitt. Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker eller om du søker begge.
Søkarar som blir kalla inn til intervju vil måtte gjennomføre følgande testar:
* Fysisk test
* Fagleg utsjekk
* Køyreutsjekk
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ambulansearbeidar
- Førarkort kl. C1 og utrykkingskøyring (kode160)
- Plettfri vandel. Vandelsattest må leggast fram før tilsetting
- Anna helsefagleg bakgrunn med ambulanseerfaring kan vurderast
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel
- God fysisk og psykisk helse
- Evne til å ta raske avgjerder og til å arbeide sjølvstendig
- Søkar sine personlege eigenskapar tel mykje ved tilsetting
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vi tilbyr gode turnusordningar
- Vi tilbyr fagdagar med kompetanseheving
- Stasjonen har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter
- Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane i distrikta
- Gode kollegaer i eit triveleg miljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Morten Lønningen, Seksjonsleiar, 93462621Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5000190876
Stillingsprosent: 100, 36%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 20.08.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
690aeb63-4ea0-45fb-917d-da59047020a3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
89240d151b774be48ca13014fa1ba134