Bookingmedarbeider - Myrkdalen fjellandsby
Norway`s best
Torggata 14, 5713 Vossestrand
Om jobben
- Stillingstittel
- Bookingmedarbeider
- Oppstart
- Etter avtaøe
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk, skandinavisk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Myrkdalen Fjellandsby er kjent for snørike vintrar, familievennleg skikøyring og eit stort utval av aktivitetar året rundt. No søker vi ein bookingmedarbeidar som vil bli ein viktig del av gjestereisa vår – frå første kontakt til opphaldet er bestilt og klart.
Rolla passar perfekt for deg som likar struktur, service og kundekontakt, og som blir motivert av å hjelpe gjester med å planlegge minnerike dagar i fjellet.
Om jobbenSom bookingmedarbeidar blir du ein del av ein erfaren og triveleg gjeng som handterer alt frå individuelle bestillingar til pakkar, grupper og turoperatørar. Arbeidskvardagen er variert, og du jobbar tett med resepsjon, aktivitetsteamet og andre avdelingar for å sikre ei sømlaus oppleving for gjestene.
Du jobbar hovudsakleg på dagtid – og får ein kontorjobb med mykje menneskekontakt.
Arbeidsoppgåver- Svare på førespurnadar via telefon, e-post og bookingverktøy
- Rettleie gjester om overnatting, aktivitetar og pakkeløysingar
- Registrere, oppdatere og kvalitetssikre reservasjonar
- Følgje opp grupper, turoperatørar og samarbeidspartnarar
- Bidra til gode rutinar, struktur og effektiv drift
- Serviceorientert, løysingsfokusert og glad i mennesker
- Kommuniserer godt på norsk/skandinavisk og engelsk
- Har erfaring frå kundeservice, resepsjon, booking eller sal (fordel, ikkje krav)
- Har god digital kompetanse og lærer nye system raskt
- Erfaring med HotSoft, Citybreak eller SuperOffice er ein fordel, men ikkje strengt nødvendig
- Ein variert kvardag med mykje kontakt med gjester og kollegaer
- Moglegheit for utvikling innan booking, salg, kundereise eller reiseliv
- Arbeidsmiljø prega av trivsel, støtte og høg fagleg standard
- Rabattar og fordelar på aktivitetar og opplevingar i Norway’s Best
- Konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass midt i fjellbygda – med naturen rett utanfor døra
Arbeidstad: Myrkdalen Hotel, Myrkdalen
Oppstart: Etter avtale
Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Vår hovudaktivitet foregår i Flåm og Myrkdalen. Med fyrtårnprodukta Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei mest populære reisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I tillegg har selskapet aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo. NBG har ein omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Konsernet eig Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50% av Flåmsbana. Gjennom dotterselskapet Norway’s best AS eig og driftar konsernet fire hotell, 14 restaurantar, to bakeri, i tillegg til Flåmsbanamuseet og Aurland Skofabrikk. Selskapet har også ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og seljer våre og andre aktørar sine produkt til gjester over heile verda. I Norway’s best Group AS verdset vi naturen, miljøet og dei lokalsamfunna vi opererer i. Ved å gjere vårt ytterste for å redusere vår miljøpåverknad og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer vi å bidra til ei framtidsretta og berekraftig reiselivsnæring. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
69014bad-1345-4548-882f-86069eee6e28
- Sist endret
8. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ee980770c1794ba0b9e2dd5336d98d33
Lignende annonser
Operations Manager
Arbeidsgiver
Outdoor Norway As
Sted
Voss
Hotellrengjører
Arbeidsgiver
Gudvangen Fjordtell
Sted
Gudvangen
Arbeidsgiver
FLAM-BOOKING AS
Sted
Vestland