Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Sengepost Kirurgi SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 30. august

Har du lyst til å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i heilt nye omgjevnadar? No har du moglegheita!

Vi søker etter sjukepleiar på Kirurgisk sengepost 1 ved det splitter nye akuttsykehuset på Hjelset. Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og opna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landet sitt mest moderne helsebygg. På Kirurgisk/ortopedisk seksjon vil du primært jobbe med ortopedi og urologi, men vi har også ein elektiv femdøgnspost kor du møter eit bredt spekter av kirurgiske diagnosar.

Vi søker etter:  
2 x 100 % vikarar frå 01.09.26 t.o.m. 30.09.27, med moglegheit for forlenging. Vi oppfordrar også sjukepleiar som ønskjer ein lavare stillingsprosent å søkje.

Vi søkjer engasjerte og fagleg trygge sjukepleiarar som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre god pasientbehandling. Hjå oss får du varierte arbeidsdagar med høg fagleg standard og gode moglegheiter for utvikling. Når det gjeld turnus har vi langvakter med inntil 12,5 timars arbeidsdag med arbeid kvar 4. helg, samt vanlege vaktlengder med arbeid kvar 3. helg, dette tilrettelegg vi saman med deg!

Dersom du ønsker å bli en del av ei stabil og triveleg arbeidsgruppe med sterkt fokus på samhandling og pasientsikkerheit, da håper vi du vil søkje hos oss!

Vi ber om at relevante attester og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.     


Arbeidsoppgåver

  • Heilheitleg sjukepleie og oppfølging av kirurgiske pasientar  
  • Medikamenthandtering og oppfølging før og etter kirurgi  
  • Tverrfagleg samarbeid med leger, fysioterapeuter, palliativt team og andre faggrupper  
  • Bidra til kvalitetsarbeid og faglig utvikling i avdelinga
   

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar før oppstart i stillinga
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både muntleg og skriftleg  
  • Det er ønskeleg med erfaring frå kirurgisk avdeling, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje 
 

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som er: 
  • Sterkt motivert og løysingsorientert, med evne til å ta ansvar og initiativ til å sørge for optimal pasientbehandling  
  • Strukturert og serviceinnstilt med gode samarbeidsevne 
  • Fleksibel og evne til å jobbe i team og sjølvstendig 
    

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Anders Nordvik Røstad, Konst. Seksjonsleiar, +47 97165121, Anders.Nordvik.Rostad@helse-mr.no
Cathrine Valgermo Forren, Konst. Seksjonsleiar, +47 95907778, cathrine.emilie.valgermo.forren@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5161437946
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Cathrine Valgermo Forren

Konst. Seksjonsleiar

+47 95907778

cathrine.emilie.valgermo.forren@helse-mr.no

Anders Nordvik Røstad

Konst. Seksjonsleiar

+47 97165121

Anders.Nordvik.Rostad@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

68f6a4d1-19c6-4457-9f42-69e1eb7fc31f

Sist endret

19. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

68e045b22ea542bfbaa81dbbbfe1c27e

Lignende annonser

Laster lignende annonser