Hopp til innhold

Vernepleiar eller sjukepleiar 

Arbeidsgiver

Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar eller sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 11. oktober

Vil du vere med på å skape gode og meiningsfulle kvardagar?

Vi har ledig 100 % fast stilling for vernepleiar eller sjukepleiar. Stillinga er knytt til Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen), som tilbyr avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim.

Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.

Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Som vernepleiar eller sjukepleiar vil du arbeide tett på brukarane, samstundes som du har eit særleg ansvar for helseoppfølging, legemiddelhandtering og fagleg oppfølging av tenestene. Vi søkjer deg som ser heile mennesket, er løysingsorientert og ønskjer å bidra til trygge, gode og meiningsfulle kvardagar gjennom fagleg gode og individuelt tilpassa tenester.

Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt med oss!

Tilredning 01.11.26 eller etter avtale. 


Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling. 
  • Ein årsturnus med langvakter på 12,5-14 timar og arbeid i gjennomsnitt kvar fjerde helg. Turnusen gir ein komprimert arbeidskvardag med lengre samanhengande friperiodar mellom arbeidsperiodane. Det er per tid også behov for dagvakter vekedagar dersom dette er ønskelig. 
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Tillegg på kr 500 pr. vakt med langvakter laurdag og søndag.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:

  • Oppfølging av tenestemottakarar gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av individuelle tiltak
  • Pleie- og omsorgsoppgåver, prosedyrer, helseoppfølging, miljøarbeid og legemiddelhandtering
  • Observasjon, dokumentasjon og faglege vurderingar
  • Tverrfagleg samarbeid med pårørande og relevante samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem

Ønska kompetanse og erfaring:

  • Førarkort klasse B.
  • Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming eller omfattande bistandsbehov

Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad. For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. 

Vi ser etter deg som

  • ser heile mennesket og møter andre med respekt og omsorg
  • er trygg, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Kontaktinformasjon

Julie Kristin Lothe, Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta, 479 93 050, julie.lothe@gloppen.kommune.no
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159, kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5181581701
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Kristine Eide Ryssdal

Tenesteleiar miljøarbeidertenesta

+47 911 39 159

kristine.ryssdal@gloppen.kommune.no

Julie Kristin Lothe

Avdelingsleiar miljøarbeidartenesta

479 93 050

julie.lothe@gloppen.kommune.no

Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

68f194a7-5b58-43b4-b204-ce2f3d7d3fc6

Sist endret

22. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0f81530b756d43f7a41f6e43b2c0ef40

Lignende annonser

Laster lignende annonser