Sjukepleiar/vernepleiar skjerma avd.
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
- Oppstart
- 1. november 2026
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Vernepleiar skjerma avd
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. november
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊
Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig sjukepleiar/vernepleiar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Vi har ledig eit års vikariat for sjukepleiar eller vernepleiar ved skjerma avdeling, moglegheit for forlenging.
Skjerma eining er ei avdeling som er spesielt tilrettelagt for personar med moderat til alvorleg grad av demens. Det blir arbeidd med personsentrert omsorg og VIPS-modellen som verktøy. Avdelinga er i nytt bygg og har ti einerom. Avdelinga består også av to stover og fleire sitjegrupper i korridorar og vandregang. Vi har sansehage og overbygd stor veranda.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. På skjerma avdeling blir det arbeidd målretta med personsentrert omsorg der den enkelte pasient sine behov, ressursar og livshistorie står sentralt. VIPS-modellen blir nytta som verktøy for systematisk fagleg refleksjon og for å sikre personsentrert praksis.Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter deg som held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderspyskiatri
- Evne til å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert.
- Evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte
Vi tilbyr
- Varierte og lærerike arbeidskvardagar
- Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg personleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Stillingane er organisert i årsturnus
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Wenche Pedersen Thomas, Avd.leiar skjerma avdeling, 948 92 130Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5195196886
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Eva Skrivervik-Alme
Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta
+47 48894818
Wenche Pedersen Thomas
Avd.leiar skjerma avdeling
948 92 130
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
303c6044-5fb6-43e9-b130-a71cd9a82e75
- Sist endret
22. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e1618844d9564bda93e228c00590c95c