Ambulansearbeidar/ Paramedisinar
Amb.stasjon Sande/Vanylven, Helse Møre og Romsdal HF
Prestegardsvegen 5, 6084 Larsnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ambulansearbeidar/ Paramedisinar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 7. mai
Ambulansestasjon Sande og Vanylven har ledig ei fast 100% stilling for paramedisinar/ambulansearbeidar med oppstart 29.07.2025.
Vi har til saman to døgnbilar og ein båt. Kvar stasjon utfører om lag 600-700 oppdrag i løpet av eit år. I seksjonen vår møter vi stadig nye utfordringar og har eit godt arbeidsmiljø der dei tilsette i fellesskap fokuserer på tilhøyrsle og samarbeid for best mogleg pasientbehandling.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket, inkludert bil-, båt- og luftambulanse, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.
Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved annan seksjon bli tilbydd. Det må også reknast med arbeid ved andre stasjonar.
Høyrest dette ut som noko for deg? Vi vil gjerne ha deg med på laget!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!
Arbeidsoppgåver
- Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeda etter oppdrag frå AMK.
- Samarbeide i team og med samarbeidsetatar.
- Delta på undervisning og sertifiseringar.
- Vedlikehalde faglege delegeringar som ligg til stillinga.
- Utføre interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon.
- Utøve arbeidet i tråd med lover, forskrifter, prosedyrar og internt reglement som er gjeldande for helseføretaket.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som paramedisinar/ambulansearbeidar.
- Farmakologistudie tilsvarande 5 studiepoeng på høgskulenivå.
- Bestått utrykningskurs og innehar kompetansebevis for kode 160.
- Gyldig politiattest etter lov om helsepersonell §20a før tilsetjing.
- Vere psykisk og fysisk egna for stillinga.
- Bestå fysisk test før tilsetjing.
- Førarkort klasse C1.
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Noreg.
- Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Noreg.
- Vere villig til å vidareutdanne seg til paramedic (60 studiepoeng) etter ei eventuell tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserar tydeleg og respektfullt med pasientar og kollegaer.
- Du har gode prioriteringsevner i naudsituasjonar.
- Du er motivert, fleksibel og tilpassingsdyktig.
- Du er omsorgsfull og tolmodig med pasientar og kollegaer.
- Du har gode datakunnskapar.
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du har gode framstillingsevner i norsk, både skriftleg og munnleg.
- Du er fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringar.
- Du har evne til å inspirere og motivere, og har gode evner til samarbeid.
- Det vert lagt vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.
Kontaktinformasjon
Ida Christin Eriksen, Seksjonsleiar, +47 97185645, Ida.Christin.Eriksen@helse-mr.noArbeidssted
Prestegardsvegen 56084 Larsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4946080573
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2923079
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dcc0e8611d7e4bda8cd17e8450e0b324