Rådgjevar - arealforvaltning
Alver kommune
Havnevegen 41 A (Kommunehuset på Frekhaug), 5918 Frekhaug, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar - 100% fast - Miljø og tilsyn
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. juni
Om stillinga
Ved tenesteområde Arealforvaltning er det ledig ein stilling som rådgjevar i avdelinga miljø og tilsyn. Hovedoppgåvene vil være knytt til handsaming av klage på vedtak i frå tenesteområdet Arealforvaltning. Du vil arbeide i grenseskilet mellom administrasjonen, politikarane og statsforvaltaren.
Avdelinga består i dag av seks rådgjevarstillingar, i tillegg til leiar. Som tilsett på miljø og tilsyn vil du ha varierte arbeidsoppgåver og vere ein del av eit aktivt fagmiljø med brei kompetanse. Arbeidsdagen vil innehalde noe synfaringsarbeid i felt.
Vi søker deg som vil gjere ein forskjell i kommunen.
Om tenesteområde Arealforvaltning
Avdeling for Miljø og tilsyn vart oppretta som ny avdeling under Arealforvaltning i Alver kommune frå 1.1.2020. Føremålet med avdelinga er å sikre at Alver kommune har dedikerte ressursar og eit felles fagmiljø som har ansvar for tilsyn og oppfølging av ulovlege tilhøve etter plan- og bygningslova, aktiv oppfølging av saker som gjeld forureining og forsøpling, samt handsaming av klagesaker.
Arealforvaltning leverer tenester innanfor eit breitt fagområde. Tenesteområdet består av fire avdelingar: Byggesak, Landbruk, Kart og oppmåling og Miljø og tilsyn. Arealforvaltning høyrer til sektoren Samfunnsutvikling, saman med Eigedomsforvaltning og Drift og vedlikehald. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid og du vil jobbe tett mot andre fagområde i vår sektor og mot andre sektorar. Vi samhandlar også med andre myndigheiter på både fylkesnivå og på statleg nivå.
Vi sitter i moderne kontorer på Frekhaug kommunehus. Her er det gangavstand til bussterminalen og hurtigbåten til Bergen sentrum. Vi deler kontorer med avdelinga for byggesak.
I samme bygg finn du også avdelingane for Landbruk, Kart og oppmåling, Veg, vann og avløp, Eigedom, Plan, Stab og Dokumentsenteret. Sammen skaper vi eit sterkt fagmiljø.
Kvalifikasjonskrav
Vi ser etter deg som har:
- Relevant høgare utdanning, til dømes innan ingeniørfag, jus, miljøforvatning, eller anna utdanning innan tilsvarande fagområde
- Erfaring og kompetanse innanfor plan- og bygningslova eller sakshandsaming etter forvaltningslova og offentligheitslova
- Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, på norsk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar som sjølvstende, struktur og samarbeidsevne vil bli vektlagt.
Ønskt kompetanse
Vi søkjer deg som;
- Tar iniativ og er positiv
- Kan drive eigne saker fremover
- Har evne til å raskt sette deg inn i nye problemstillingar
- Kan levere arbeid av høg kvalitet, men samtidig kan levere arbeid som er "godt nok"
- Er serviceinnstilt og kan ha ein god dialog med både innbyggarar og politikarar
- Trivs med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer
- Er løysingsorientert og fleksibel
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva i stillinga er å handsame klager på vedtak som er fatta av tenesteområdet arealforvaltning. Dette omfattar vedtak i mellom anna plansaker, jordlovsaker og alle typar byggjesaker
Arbeidsoppgåvene omfattar:
- Handsaming av saker, som regel i form av saksframlegg til politisk handsaming
- Oppmøte og synfaring i samband med politiske møte
- Informasjon og rettleiing til privatpersonar og føretak
- Juridisk rettleiing internt i eiga avdeling og tenesteområde
- Andre arbeidsoppgåver som naturleg høyrer inn under avdelinga og tenesteområdet
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass med høg tverrfagleg kompetanse
- Moglegheit for heimekontor etter gjeldande retningslinjer
- Gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn etter avtale
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Tilsetingsvilkår etter lov- og avtaleverk
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen!
Sektor
Offentlig
Nettsted