Lærarstillingar skuleåret 25/26
Gulen kommune
Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Byrknes barnehage og skule. Tilsetjing lærarar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Om stillingane
Kom og jobb som lærar i Gulen kommune!
Gulen kommune, for tida ved Byrknes barnehage og skule, har frå nytt skuleår ledig fylgjande stillingar:
- 100% fast stilling som lærar frå 01.08.2025
- 100% vikariat som lærar frå 01.08.2025 - 31.07.2026
Byrknes barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling. Det er pr. no 45 elevar ved skulen. Klikk deg inn her for meir informasjon om skulen. Ved Byrknes barnehage og skule er det læring og trivsel som står i høgsetet. Eininga er oppteken av å ha eit trygt og godt skulemiljø, kor gode relasjonar mellom elevar og vaksne er avgjernade for ein god skulekvardag.
Arbeidsoppgåver/kompetanse
Byrknes barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1-10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse. Alle fag kan vere aktuelle, men me treng mellom anna lærarar som har undervisingskompetanse i matematikk og naturfag. Både grunnskulelærarar for 1-7 og 5-10 kan vere aktuelt. Funksjon som kontaktlærar kan vere aktuelt. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg er naudsynt.
Personlege eigenskapar
- Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
- Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
- Gode IKT- kunnskapar
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted