Overlege hud- og veneriske sjukdomar, eventuelt LIS 3
Hudavdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege hudavdeling, eventuelt LIS 3
- Oppstart
- 1. april 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Hudavdelinga i Helse Førde har ledig fast stilling for spesialist i hud- og veneriske sjukdommar frå 01.04.2026.
Dersom vi ikkje får søkjar med spesialistkompetanse, kan LIS3 tilsettast. Ved eventuelt internt opprykk blir det òg ledig ei mellombels LIS3-stilling i perioden
01.04.2026–31.12.2026.
🩺 Om avdelinga
Hudavdelinga har poliklinisk drift på fleire lokasjonar i Sogn og Fjordane. Hovudarbeidsstaden er Førde sentralsjukehus, som òg er den største poliklinikken.
Vi tilbyr lysbehandling ved alle einingane, og dei desentraliserte poliklinikkane ved Lærdal og Nordfjord sjukehus har legedagar to gonger i månaden. Avdelinga har òg ei eiga telemedisinsk poliklinikk i Audnedal.
Vi tilbyr rekrutteringstillegg ved tilsetting av overlege
Du blir del av eit fagmiljø med tett samarbeid mellom legane i avdelinga og erfarne sjukepleiarar. Legar som deltek i arbeid ved utepoliklinikkane får avtale om utvida arbeidstid.
Les meir om Helse Førde HF.
Les meir om Førde som plass å arbeide og bu: Sunnfjord kommune
Arbeidsoppgåver
- Hudavdelinga i Helse Førde har spesialisthelsetenesteansvar for innbyggjarane i det geografiske området Sogn og
Fjordane innan fagområdet hud- og veneriske sjukdommar.
- Arbeidsoppgåver er til dømes utgreiing og behandling av ulike maligne og premaligne tilstandar i
huda, psoriasis, eksem, allergologiske utgreiingar, sårbehandling, mindre
kirurgiske inngrep m.m.
- Avdelinga brukar videokonsultasjonar der dette er teneleg. Alle einingane driv lysbehandling.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i hud- og veneriske sjukdommar med norsk godkjenning. LIS3 kan bli tilsett om ein ikkje får søkjar med spesialistutdanning.
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Stillinga krev evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team
- Du handsamar pasientar og pårørande profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og syner respekt
- Du er målretta, arbeidsvillig og får oppgåvene gjort
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du må ha gode samarbeidsevner, ha positiv innstilling og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg for overlege
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Legar får avtale om utvida arbeidstid ved deltaking i arbeid ved utepoliklinikkane
- Tett samarbeid med dei andre legane i avdelinga og erfarne sjukepleiarar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehage
- Overlege kan få støtte til husleige med inntil kr 10.000,- per månad i eit år
- Gode oppvekstvilkår for born
- Flott natur med fjord og fjell og svært gode tilhøve for friluftsliv
- Førde har eit rikt tilbod innan kultur, fritidstilbod og handelsnæring
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingvild Sunniva Helgheim Hatten, Avdelingssjef, 977 84 999Trude Lindesteg, Seksjonsleiar, 578 31 344
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5071606340
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 15.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Trude Lindesteg
Seksjonsleiar
578 31 344
Ingvild Sunniva Helgheim Hatten
Avdelingssjef
977 84 999
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6839f279-b4df-445c-bf86-d575feb01c70
- Sist endret
29. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7f0e740f24264d53813e4ce37e2e1973
Lignende annonser
Lege i spesialisering (LIS3)
Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Nevro legar, Helse Førde
Sted
Førde
Fastlegevikar på Vestlandet
Arbeidsgiver
Dignus Medical - Kletor AS
Sted
Oslo, Vestland