Politiførstebetjent - teamleiar
Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6001 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Politiførstebetjent - teamleder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. september
Om stillinga
Vi søkjer dyktige etterforskarar til ledig fast/vikariat stillingar, som politiførstebetjent/teamleiar ved Ålesund politistasjon!
Formålet med stillingane er at du skal vere med på å sikre stabilitet og kvalitet i etterforskingsarbeidet i driftseininga. Du må rekne med å delta i heile ansvarsfeltet som den geografiske driftseininga har i straffesaksbehandlinga. Du vil primært ha saksansvar i eiga saksportefølje, i tillegg til å vere ressursperson for andre etterforskarar ved seksjonen.
Det ligg også til stillinga å bli utpeikt til politifagleg etterforskingsleiar i dei sakene der det er behov for det.
Driftseining Sunnmøre omfattar Ålesund politistasjonsdistrikt, Ulstein og Hareid politistasjonsdistrikt, Indre Sunnmøre politistasjonsdistrikt og Søre Sunnmøre politistasjonsdistrikt. Etterforskingsmiljøet i driftseininga er prega av å vere eit ungt etterforskarmiljø. Vi ønsker å bygge vidare på læring og utvikling i miljøet, og dette skal forsterkast vidare. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og utfordrande arbeidsoppgåver.
Du må pårekne arbeid innan krimvakttjeneste i helg, for tida kvar 6. kvar veke.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane sine og handlingar i det daglege arbeidet sitt. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- Etterforske og gjennomføre taktisk etterforsking i eigne saker, herunder avhøyr mm.
- Utøve politifagleg etterforskingsleiing og ha fagleg ansvar for etterforsking i tildelte straffesaker
- Kvalitetssikring i straffesaksbehandlinga
- Rettleiing/opplæring av studentar og øvrige etterforskarar ved seksjonen
- Delta i operative aksjonar i regi av team/seksjon, eller som bistand til andre einingar
- I samarbeid med påtalejurist prioritere, utføre og følgje opp etterforskingsskritt
- Støtte politipatruljane sin straksetterforsking og politiarbeid på staden
- Bidra til å bygge kompetanse innan etterforskingsfaget i politidistriktet
- Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeidarskap, ønskt kultur og medarbeidartilfredsheit i organisasjonen
- Andre oppgåver kan påleggast av leiar
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Fullført og bestått Politihøgskule/politiskule. Vitnemål skal leggast ved søknaden.
- Brei kompetanse og erfaring knytt til etterforsking
- Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
Det er også ønskjeleg med:
- Vidareutdanning innan etterforsking
- Tilleggsutdanning innan eitt eller fleire fagområde innanfor etterforsking
- Relevant leiarerfaring er ein fordel
- Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og på portefølje
- Kjennskap og forståing av planleggings- og styringssystema til politiet
- Kunne vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar herunder evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Heilskapsorientert, og kan sette retning og drive endring
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Resultatorientert, herunder god gjennomføringsevne og kan skape resultat i samhandling med andre
Som medarbeider i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Utfordrande og spennande stillingar for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Stillingane blir lønna som politiførstebetjent, stillingskode 0285, med brutto årslønn frå kr. 630 000 til kr. 720 000
- For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- Godtgjering etter gjeldande ATB på for tida kr. 42 824 og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
- Fleksibel arbeidstid
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6835e228-6b47-45c7-a03d-fa89af48a195
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260828