Psykiater
Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergveien 20, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Psykiater
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 2. april
Helse Møre og Romsdal styrkar det polikliniske tilbodet ytterlegare. I den samanheng søker vi etter psykiaterar som vil vere med å utvikle og bygge vidare på vårt tilbod ved Ålesund DPS poliklinikk psykisk helse. Vi søker psykiaterar som likar å tenkje nytt, engasjerer seg i faget og pasientane, likar teamarbeid og samstundes kan jobbe sjølvstendig.
Poliklinikken har i dag 44 behandlarstillingar fordelt på eit Gruppebehandlingsteam, eit ROP- team, eit Tidleg avklaringsteam og fire ulike spissa Allmennteam. Almmenteamet består av eit nevropsykatrisk team, eit traumeteam, og to generalistteam. Saman gir vi i dag eit breitt og variert tilbod til våre pasientar. Vi har spissa utgreiingskompetanse og stor breidde av behandlingstilnærmingar til ulike psykiatriske lidingar som behandlast i spesialisthelsetenesta. Vi har i dag 15 spesialistar fordelt på dei ulike teama.
Vi har dei siste åra arbeida med å utvikle ei organisering slik at den einskilde kan bruke meir tid på å bli god på nokre oppgåver. Vi erfarer at dette gjer både arbeidskvardagen og det faglege tilbodet betre. Fagfolka har eit stort fokus på å utvikle vårt tilbod i tråd med behova til våre pasientar.
Vi har i haust styrka tilbodet og etablera eit Tidleg avklaringsteam. Målet er at flest mogleg pasientar skal få rett behandling til rett nivå, til rett tid.
Som overlege vil ein i hovudsak vere knytta til eit team, samstundes som ein deltek i poliklinikkens ansvar for rettleiing av LIS legar og inntaksarbeid i samarbeid med andre spesialistar.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV i webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Utredning, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
- Deltaking i inntaksarbeid, i samarbeid med andre spesialistar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
- Medisinvurderingar av teamets pasientar ved behov
- Samarbeid med medarbeidarar i poliklinikken og øvrige einingar i DPS, samt eller i klinikken herunder deltaking i klinikkens vaktordning og oppfølging av pasienter på TUD
Kvalifikasjonar
- Godkjent spesialist i psykiatri
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå poliklinisk arbeid
- LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 6 mnd til forventa sluttført utdanning
Personlege eigenskapar
- Positivt innstilt til nye arbeidsformer innan psykiatri/ psykisk helsevern
- Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
- Fleksibilitet kring arbeidsoppgåver
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Eit fagmiljø som vil utvikle framtidas helseteneste
- Rekrutteringstillegg ved godkjent spesialisering
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Godt og støttande arbeidsmiljø med fagleg engasjerte kollegaer
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd
Kontaktinformasjon
Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, havard.helgesen@helse-mr.noArbeidssted
Geilebergveien 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4889933508
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2879741
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0da4d0ccfbcf469680efe1b152c44cba