Hopp til innhold

Spesialutdanna miljøterapeut

Arbeidsgiver

Bufetat

Sted

Aurdalslia 96, 5253 Sandsli

Om jobben

Stillingstittel
Spesialutdanna miljøterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Fana og Ytrebygda Ungdomssenter, avdeling Sandsli, har vi ledig 2 midlertidige stillingar som miljøterapeut i 100 % stilling.

Avdeling Sandsli er ein del av Fana og Ytrebygda ungdomssenter, som består av fire avdelingar: Eikelund, Skjold, Hop og Sandsli.

Bufetat gjennomfører no ein pilot der fleire institusjonsavdelingar blir samla i éi felles eining. Målet er å gi barn og unge eit tryggare og meir samanhengande tilbod, utan unødige brot i institusjonsløpet. Modellen skal sørgje for at ungdom får rett helsehjelp og god oppfølging  frå første dag. I piloten skal Fana og Ytrebygda ungdomssenter ta imot ungdom i ulike målgrupper.

Sandsli er ei omsorgssavdeling for inntil 4 ungdomar i alderen 15 - 18 år. Vi er lokalisert på Sandsli utanfor Bergen. Stillinga har for tida ein todelt turnus  der ein arbeidar kvar fjerde helg. Menn oppmodast til å søkje på grunn av kjønnsbalanse på avdelinga.


Arbeidsoppgåver

Målet vårt er å saman med dei andre tilsette, bidra til at ungdommane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv.

Korleis oppnå dette målet:

  • Utføre godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metodar og standardiserte forløp.
  • Bidra opp mot det faglige utviklingsarbeidet på avdelinga, spesielt knytta til psykisk og somatisk helse.
  • Sikre tverrfagleg samhandling med kommunal barnevernsteneste, føresette, sosialt nettverk, skule, helse og arbeid.
  • Bidra til å vareta rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
  • Arbeid med krise- og stresshandtering og stabilisering av barn i krise.
  • Arbeid førebyggjande og handtere åtferd/hendingar der barn og ungdom kan skade seg sjølv eller andre.
  • Kartleggje styrkane til ungdommen's behov, samt utarbeide og følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.

Kva bakgrunn har du?

Må-krav:

  • Du må ha minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innanfor relevante fagområde, med minst 60 studiepoeng relevant videreutdanning.
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
  • Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2).
  • Ha førarkort (minimum) klasse B.

Bør-krav:

  • Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
  • Evne til å forstå og fasilitere endringsprosessar, på individuelt og systemisk nivå.
  • Erfaring med arbeid opp mot målgruppa.

Personlege eigenskapar:

  • Hardfør/emosjonelt robust - Du har evna til å meistre stress gjennom å sjå utfordringar som handterlege, meiningsfulle og kontrollerbare.
  • Sjølvrefleksiv - Du har evna til å betrakte, sortere og skilje mellom eigne og andres opplevingar, synspunkt, oppfatningar eller behov.
  • Verdibasert - Du identifiserer deg med, oppfører deg og arbeider i tråd med samfunnsoppdraget vårt og kjerneverdiane våre «Respekt, openheit, deltaking».
  • Motivert for å jobbe for barnets beste.
  • Har god fysisk og psykisk helse.

Kva får du hos oss?

  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1185 spesialutdanna sosionom, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, kr 540 000 – 690 000 pr. år. 
  • Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Fana og Ytrebygda Ungdomssenter, avdeling Sandsli.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd,  og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde? 

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. 

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.


Kontaktperson for stillingen

Ronny Habbestad

Avdelingsleder

+47 466 19 631

ronny.habbestad@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

67e50b8e-7978-4858-93e7-63c56db5a2bf

Sist endret

22. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10292412

Lignende annonser

Laster lignende annonser