Hopp til innhold

Tannhelsesekretær/assistent

Arbeidsgiver

IDI-TH - Voss klinikkområde, Vestland fylkeskommune

Sted

Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Tannhelsesekretær/assistent
Oppstart
26. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vik tannklinikk har ledig eit vikariat som tannhelsesekretær/assistent i 60-100 % stilling frå 26.1.26 og omlag eit år fram i tid.

Vik tannklinikk er ein klinikk i Voss klinikkområde med klinikkleder på Voss og har tett samarbeid med Voss tannklinikk. Det kan derfor være aktuelt å arbeide i deler av stillinga ved Voss tannklinikk etter avtale med leiar. Det er difor naudsyn med bilsertifikat.
Vik tannklinikk er ein klinikk for ein tannlege, tannpleiar og tannhelsesekretær. Klinikken er nyoppusset ,trivelig og godt utstyrt. Pasienter i alle aldersgrupper. 

Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, ein av dei lengste fjordane i verda. Ca.2600 innbyggjarar. Til Vik kan ein komme ved å ta Rv13 over Vikafjellet frå Voss, Bergen og Oslo, eller ein kan komme via ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik over Sognefjorden. Det er og eit hurtigbåtsamband mellom Vik og Bergen, om sommaren 2 gonger dagleg.
I Vik er der skisenter og bygda er viden kjent for sin produksjon av gammalost og bringebærsaft.

Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løys vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.


Arbeidsoppgåver

Som tannhelsesekretær hos oss vil du mellom anna:
  • utføre klinisk assistanse ved tannbehandling
  • utføre røntgentaking
  • ha ansvar for oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
  • ha ansvar for reinhald, sterilisering og vedlikehald av utstyr
  • halde deg fagleg oppdatert og følgje gjeldande lover, retningsliner og rutiner
  • jobbe med ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
  • delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling.

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som tannhelsesekretær. Anna helsefagleg bakgrunn kan og vurderast.
  • Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg.
  • Det er ønskjeleg at du har tidlegare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste, og bruk av journalsystemet Opus.  
  • Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som
  • trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først
  • kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar 
  • kan arbeide sjølvstendig, strukturert og meistrar travle dagar
  • er positiv og serviceinnstilt
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
  • har interesse for fagleg utvikling – og deler kunnskapen din med andre

Vi tilbyr

  • ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • løn etter gjeldande tariff
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Zareta Khaydarova, Klinikkleder Voss, 97038494, zareta.khaydarova@vlfk.no
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332

Arbeidsstad

Flatbygdi 10
6893 Vik i Sogn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5037652424
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 26.01.2026
Sluttdato: 22.01.2027
Søknadsfrist: 07.12.2025

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

67c3beac-597e-411e-a8d7-40021e4fa03e

Sist endret

8. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

43244ade1e8a4f6fb5ed60933517c05c

Lignende annonser

Laster lignende annonser