1. Maskinist i sambandet Krakhella-Rysjedalsvika-Rutledal, p.t. MF Losna
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6926 Krakhella, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Engasjement som 1. Maskinist i sambandet Krakhella - Rysjedalsvika - Rutledal, p.t. MF Losna
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som 1. Maskinist med attraktiv skiftordning i sambandet Krakhella-Rysjedalsvika-Rutledal, p.t. MF Losna.
Oppstart: snarast. Engasjementet er ut oktober, men det er mulighet for fast tilsetting.
Tilsetting vil skje fortløpande.
Ein får dekka reisekostnader til/frå vakt.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver iht. alarminstruks
- Vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
- Oppdatere og vedlikehalde maskineri/komponentar
- Oppdatere og à jour hald av vedlikehalds- og reservedelssystem
- Ansvar for bunkring olje
- Føre maskindagbok og oljedagbok
- Sjå til at personell som utførar arbeid i maskin nyttar verne- og tryggleiksutstyr
Kvalifikasjonar
- M3 Sertifikat. (Evt M4, med dokumentasjon på 6mnd relevant fartstid etter utstedt sertifikat, og gjennomført utdanning for høgare kompetanse sertifikat).
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsforeskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Gunstig skiftordning: 1 veker på 2 veker av
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47330488, sigrunn.hellebust@fjord1.noArbeidsstad
6926 Krakhella
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4970112813
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.10.2025
Søknadsfrist: 29.05.2025
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted