Hopp til innhold

Språkassistent - arabisk

Arbeidsgiver

Høyanger kommune Høyanger skule/SFO

Sted

Wilhelm Bugges veg, 6993 Høyanger

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Søk på jobben

Søk senest fredag 8. mai

100 % stilling ledig som språkassistent i arabisk ved Høyanger skule/SFO og norsksenteret (50/50) frå 01.08.26

 (3. gongs utlysing)

 

Arbeidsoppgåver:

-       Språkassistenten skal gjere det enklare å gjennomføre tilpassa og variert opplæring til barn og vaksne med arabisk som morsmål

-       Samarbeide tett med pedagog

-       Følgje opp elevar med fagleg, emosjonell og sosial støtte i undervisningssituasjonen

-       Tolk

-       Bidra til positivt læringsmiljø

 

Kvalifikasjonar:

-       Kompetanse innan arabisk språk

-       Ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid

-       Norskkunnskapar på B1 nivå, munnleg/skrifteg

-       Ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ikkje krav

  

Personlege eigenskapar:

-       Tydeleg og trygg i møte med eleven

-       Evne til å skape gode relasjonar både til barn og vaksne

-       Kan arbeide godt sjølvstendig og saman med andre

-       Utadvendt og positiv

 

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Høyanger kommune kan tilby:

-          Lønn etter gjeldande tariffavtale

-          Gode pensjons- og forsikringsordningar

-          Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ

-           

Den som blir tilsett må framvise gyldig politiattest før oppstart.

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.

 

Kvifor Høyanger?    

-          Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi

-          Eit rikt lag- og organisasjonsliv

-          Fokus på samskaping og samarbeid

-          Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

 

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule og i norsksenteret eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Sara Azzaoui på telefon 48441181 og høyr hennar erfaringar.  

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Gro Nes Hommedal

+47 90735450 +47 57710002

gro.nes.hommedal@hoyanger.kommune.no

Om bedriften

Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med ca. 270 elevar, ca 29 lærarårsverk og SFO- ordning med ca. 60 born. Skulen ligg sentralt i Høyanger tettstad, nær idretts- og badeanlegg.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

67a0c728-8f74-4fdc-9ed8-8d24d6bb50a7

Sist endret

24. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3565515_176901_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser