Hopp til innhold

Medarbeider/fagarbeider i natur- og frilufts-barnehage. Eventus Valen Barnehage AS

Arbeidsgiver

Eventus Valen Barnehage

Sted

Valenvegen 36, 5451 Valen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Er du ein leiken person? Har du mykje energi? Er du omsorgsfull og likar å gje borna gode opplevingar? Då er du kanskje vår nye barnehagemedarbeidar/fagarbeidar!

Stillingstittel
Barnehagemedarbeider
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

Generelle eigenskapar vi ser etter:
  • Du er ein god rollemodell for barna.

  • Du er interessert i friluftsliv for barn.

  • Du likar å vera aktiv saman med barna inne, ute og på tur.

  • Personleg eigenheit blir vektlagt.

Nødvendige kvalifikasjonar:
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Fleire språk er eit pluss.

  • Gyldig politiattest.

Arbeidsoppgaver

Arbeids- og ansvarsoppgåver vil mellom anna vera:
  • Vere ein tydeleg og omsorgsfull tillitsperson for borna.

  • Delta på friluftsaktivitetar og hjelpe til med å tilretteleggje for gode opplevingar.

  • Bistå med planlegging av aktivitetar.

  • Vere medviten i si rolle som tilsett i barnehagen.


Vi tilbyr

  • Barnehagen har minibuss og har jamnleg bussturar med borna

  • Stor lavvo som kan brukast heile året. Og på fritida.

  • Godt utstyrt friluftsbod og gode moglegheiter for utviding.

  • Arbeidsklede.

  • Lønn som følgjer PBL sin tariff.

Om bedriften

Eventus Barnehagar er ein non-profitt-organisasjon som består av 12 barnehagar på Vestlandet. Eventus Valen Barnehage har 4 avdelingar og 65 barn. Vi fremjar god psykisk helse og har stort fokus på friluftsliv og kosthald. Barnehagen har flotte nærturområde med både skog, sjø og fjell, og vi har eigen minibuss for å kome oss til stadar som ligg lengre unna barnehagen.

Tilsette i Eventus Barnehagar har tre nøkkelverdiar vi heile tida ynskjer å bli betre på:

Profesjonalitet. Dette handlar om å vera profesjonell med kollegaene dine og barnas føresette. Vi bruker fagspråk, vi rettleiar, vi seier ifrå, vi gjer kvarandre betre.

Rausheit. Dette handlar om samarbeid. Vi hjelper kvarandre, vi gir av oss sjølve, vi støttar og vi gir rom til å vera den vi er.

Lidenskap. Dette handlar om å brenna for yrket sitt. Vi viser nysgjerrigheit til kva kollegaene held på med, vi gir ros og anerkjenning, vi ynskjer å auka kvaliteten i kvardagen og held oss oppdatert på forsking og tilrådingar.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

67930ab6-3f78-4d7e-8436-8637c4cc9d32

Sist endret

2. oktober 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

67930ab6-3f78-4d7e-8436-8637c4cc9d32

Lignende annonser

Medarbeider/fagarbeider i natur- og frilufts-barnehage. Eventus Valen Barnehage AS - arbeidsplassen.no