Overlege i patologi
AVDELING FOR PATOLOGI, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege i patologi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 23. januar
Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for høg kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? Då oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss!
Ved Avdeling for patologi i Helse Møre og Romsdal HF har vi ledig ei fast 100 % stilling som overlege i patologi. Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å byggje opp eit sterkt fagmiljø innan patologi, og bidra til ei framifrå helseteneste for pasientane våre. Søkjar som ikkje er godkjend spesialist konstitueres som overlege inntil spesialistgodkjenning foreligg.
Avdelinga held til i Noregs vakraste by – Ålesund, og er organisert under Klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og bildediagnostikk. Avdelinga tek imot prøver frå både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. I 2024 svarte vi ut om lag 28 000 biopsiar, 20 000 cytologiprøver og gjennomførte 80 obduksjonar. Avdelinga har i dag tilsett 5 overlegar (2 konstituert) og 3 LIS, i tillegg bioingeniørar og sekretærar, til saman 34,6 stillingar. Vi tilbyr gode høve til fagleg utvikling og legg til rette for deltaking på relevante kurs.
Ønskjeleg oppstart for overlegestillinga er snarast, etter nærare avtale med avdelingssjef. LIS-legar som nærmar seg ferdig spesialisering, vert òg oppmoda til å søkje.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Generell histologi- og cytologidiagnostikk (avdelinga har ikkje fagspesialisering)
- Supervisjon innan patologisk diagnostikk og obduksjon
Kvalifikasjonar
- Søkjarar med autorisasjon som lege, eller som kan dokumentere at søknad er til behandling i Helsedirektoratet, kan søkje
- Norsk autorisasjon som spesialist i patologi, eller vere i sluttfasen av spesialistutdanninga
- Relevant erfaring og kompetanse innan fagfeltet vert vektlagt
- Arbeidsspråket er norsk, men eit anna skandinavisk språk kan nyttast i ein overgangsperiode. Norsk på nivå B2 må være bestått innen 1. juni 2027
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og trivast i eit dynamisk miljø
- Vilje til å bidra til både eiga og kollegaer si faglege utvikling
- God arbeidskapasitet
- Positiv og bidragsytande i arbeidsmiljøet
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Hilde Guttormsen, Avdelingssjef, +47 70 10 66 37, hilde.guttormsen@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5061917078
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
67540b60-4109-41ff-8504-3821ed7eeff2
- Sist endret
16. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8551a88a519e48b594902338aac17775
Lignende annonser
Arbeidsgiver
RADIOLOGI ÅLESUND OG VOLDA-LEGAR, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Overlege- Legevakt
Arbeidsgiver
Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune
Sted
Ålesund
Overlege i fysikalsk medisin og rehabilitering/erfaren LIS lege
Arbeidsgiver
FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund