Rådgjevar/seniorrådgjevar personvern og innkjøp
NDLA - Vestland fylkeskommune
Vestre Strømkaien 13, 5008 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er Noregs leiande produsent av digitale læringsressursar for vidaregåande opplæring. Målet vårt er å medverke til eit meir ope og inkluderande kunnskapssamfunn der kunnskap er tilgjengeleg for alle.
NDLA er eit oppgåvefelleskap mellom 14 fylkeskommunar. Vestland er vertskommune for selskapet og har oppretta ein NDLA-seksjon med seks tilsette for å ivareta administrasjon og leiing av selskapet. Dei øvrige medarbeidarane er tilsett i eit av dei samarbeidande fylka og innlånt til NDLA.
Som rådgjevar hos NDLA får du ei nøkkelrolle i å sikre at vi følgjer lover og reglar innan personvern (GDPR) og offentlege innkjøp. Du skal bidra til å utvikle gode rutinar, dokumentasjon og system som gir tryggleik og oversikt – både for oppgåvefellesskapet og brukarane våre.
Du blir ein viktig støttespelar for kollegaer og får jobbe tett med ulike fagmiljø og opp mot leilinga.
Arbeidsoppgåver
Du vil jobbe med å
- Sørgje for at vi følgjer GDPR og personvernreglane
- Lage og oppdatere dokument som databehandlaravtalar og risikovurderingar
- Rådgje kollegaer om personvern
- Planleggje og gjennomføre innkjøp etter reglane for offentlege innkjøp
- Utforme konkurransegrunnlag og kontraktar
- Følgje opp leverandørar og avtaler
- Leie mindre prosjekt knytt til personvern eller innkjøp
NDLA er ein mindre organisasjon der alle bidrar til å løyse felles oppgåver. Det kan bli aktuelt å bistå med oppgåver knytt til personalforvaltning, arkiv, saksførebuing, sekretariatsarbeid for styret og representantskap, og gjennomføring av arrangement. Oppgåver vil avhenge av behov og kvalifikasjonar.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på masternivå, til dømes innan jus, offentleg administrasjon eller økonomi. Bachelorgrad saman med lang, relevant erfaring kan i særskilte høve kompensere for manglande mastergrad. I så fall vil stillinga får tittel spesialkonsulent.
- Erfaring med personvernarbeid og GDPR
- Kjennskap til regelverket for offentlege innkjøp
- God digital kompetanse og systemforståelse
Personlege eigenskapar
Vi trur du passar godt hos oss dersom du
- Er god til å samarbeide og finne løysingar
- Likar å formidle fag på ein enkel og forståeleg måte
- Du er open og nysgjerrig, har høg integritet og tek ansvar
- Løyser dine oppgåver planmessig og systematisk
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
Å bli med på eit viktig og meiningsfullt oppdrag ved å utvikle og tilby læremiddel og tenester for elevar som skal ut i arbeidslivet.
Ei spennande og variert stilling med dyktige og engasjerte kollegaer
Eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, både internt og i samarbeid med juridisk seksjon og innkjøpsseksjon i Vestland fylkeskommune
Gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs og seminar.
Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheit for heimekontor
Løn og tittel etter kvalifikasjonar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Høyrest dette ut som noko for deg? Send oss en søknad – vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, kan du kontakte administrasjonsleiar Kristin Rønn Finstad.
Du finn meir informasjon om NDLA på www.ndla.no
Kontaktinformasjon
Kristin Rønn Finstad, Administrativ leiar, 41437970, kristin@ndla.noArbeidsstad
Vestre Strømkaien 135008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4993622636
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
672a0d6b-3fc6-4fc5-b03b-31fc55337082
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6e416f6f369045a4be54334642de2aaf