Ped.psyk.rådgivarar/ Rådgivarar
Pedagogisk fagsenter
Keiser Wilhelms gate 11, 6003 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Ped.psyk.rådgivarar/ Rådgivarar/psykolog
Antall stillinger
6
Ålesund PPT har ledig inntil 3 faste stillingar og 3 vikariat/engasjement som ped.psyk.rådgjevar/psykolog på område grunnskule og vidaregåande.
PPT i Ålesund kommune er ei av dei store PP-tenestene i Noreg og skal dekkje eit stort geografisk område med meir enn 59 barnehagar, 36 skular og 5 vidaregåande skular. Tenesta har kontorplass i Ålesund rådhus og Ørskog tenestehus. Frå januar 2024, kan nokre av stillingane vere knytt til arbeid i Haram kommune.
Tenesta sine arbeidsoppgåver er heimla i Opplæringslova §5.6. PPT skal hjelpe skulane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for barn og unge og sørgje for at det blir utarbeidd sakkyndig vurdering der lova krev det.
Vi søkjer etter medarbeidarar til arbeid i tenesteområda grunnskule og vidaregåande skule. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til arbeid med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling og utarbeiding av sakkunnige vurderingar. Arbeidet vil gå føre seg ute i skular i møte med og i tett samarbeid med barn/elevar, foreldre og personale. Det vert stilt krav om gode evner til samarbeid, fleksibilitet, til det å kunne arbeide sjølvstendig og målretta, og tidvis tole høgt arbeidspress. Det blir stilt krav om at den tilsette kan nytte eigen bil i arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Kompetanseheving og utviklingsarbeid i samarbeid med skular for å fremje gode og likeverdige utviklings- og opplæringstilbod. Dette vil gjelde førebygging, tidleg innsats, trygt og godt læringsmiljø samt rådgjeving og støtte i overgangar mellom barnehage og skule, og mellom skuleslag.
- Utvikle gode individuelle tiltak innanfor ramma av klassefellesskapet.
- Kartlegging og utarbeiding av sakkunnige vurderingar der lova krev det.
- Dialog med og rettleiing av føresette og skule.
- Hjelpe skulane i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling .
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ped.psyk rådgjevar/rådgjevar med mastergrad innan tenesta sine fagområde og solid bakgrunn med erfaring og kompetanse frå skuleområdet.
- Søkjar må ha utdanning frå universitet/ høgskule innan fagområda spesialpedagogikk/ pedagogikk/ psykologi/ pedagogisk-psykologisk rådgjeving, rådgjeving eller utdanning knytt til organisasjons- og utviklingsarbeid.
- Det vert stilt krav om gode evner i norsk munnleg språk og skriftleg framstilling.
- Det er ønskjeleg at søkjar har aktuell test- og kartleggingskompetanse.
- Det blir sett krav til at søkjar har sertifikat og kan stille eigen bil til disposisjon for arbeidsgjevar
Personlege eigenskapar
PPT søker deg som
- har gode samarbeidsevner og kan motivere andre.
- er sjølvstendig og arbeider målretta
- er fagleg fokusert og evnar å vidareformidle og rettleie
- har evne og vilje til å tileigne deg relevant fagkunnskap
- har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
- Referansar og personlege eigenskapar vil verte vekta
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv (IA) - bedrift
- Tenesta arbeider etter verdiar og mål for Ålesund kommune.
Kontaktinformasjon
Solfrid Stavdal, Verksemdsleiar, 412 98 311, solfrid.m.stavdal@alesund.kommune.noGry Rennan, Avdelingsleiar , 908 14 161, gry.rennan@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms gate 116003 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4638140945
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 12.04.2023
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2291404
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3e60eea052f8447e9bc0298c37008b7d