Hopp til innhold

Fast stilling (inntil 30%) og vikarar

Arbeidsgiver

Aukra kommune Kultur

Sted

Nyjordvegen 12, 6480 Aukra

Om jobben

Stillingstittel
Badevert Aukra symjebasseng
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 17. august

Søk jobb hos oss og bli ein del av eit triveleg arbeidsmiljø i Aukra kulturhus. Dette kan vere den perfekte jobben for deg som er student, ønskjer ei ekstra inntekt eller ein jobb med fleksibel arbeidstid.

Symjebassenget har ope alle vekedagar og er ein viktig møteplass for folk i alle aldrar. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, glad i menneske og tek ansvar for at gjestene våre får ei trygg og god oppleving.

Arbeidsoppgåver:
  • Sørge for at våre gjester til ein kvar tid opplever anlegget som trygt, reint og triveleg
  • Sikkerheit i symjehallen, garderobar og fellesområde
  • Om nødvendig utføre livredning og førstehjelp
  • Utføre reinhald og vedlikehald
  • Sal av billettar
Krav til søkjar:
  • Gode symjeferdigheiter
  • Gjennomført livredningskurs er ønskeleg. Om ikkje får du gjennomført kurs før oppstart. Grunnleggande datakunnskapar
  • Søkjar må ha fylt 18 år

Særskilte krav:
Det vert stilt krav om politiattest

Prøvetid:
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste:
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast:
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" Søknadsfrist: 17. august 2026.

Tiltreding: Etter avtale

Kontaktperson: Anne Jorunn Sandøy tlf. 9590705


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Jorunn Sandøy, Kultursjef

+47 95907055

anne.jorunn.sandoy@aukra.kommune.no

Om bedriften

Kulturavdelinga utfører tenester innafor arbeidsfelta ungdomsarbeid, folkehelse, rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid, idrett og friluftsliv, frivilligsentral, kulturskole, bibliotek, samt kulturformidling og lokalhistorisk arbeid. Viktige samarbeidspartar for tenestene er alle som engasjerer seg som frivillige, det frivillige kulturlivet og einingane i kommunen. Kultur har delt drifta inn i ni ulike sjølvstendige fagområde. Den store bredda i fagfelta vert utnytta som ei styrke i utviklinga av kulturfeltet i kommunen.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

671291a4-e86c-4352-b8ee-661215bed0a3

Sist endret

22. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3648463_193061_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser