Førstekonsulent/rådgjevar
Kultur- og likestillingsdepartementet
Grubbegata 1, 0179 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Førstekonsulent/rådgiver
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. februar
Om stillinga
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein førstekonsulent/rådgjevar. Stillinga vil i hovudsak vere retta mot litteraturpolitikk, men inneber òg oppgåver innan ABM-feltet (arkiv, bibliotek og museum), digitalisering og kunstig intelligens, og sikkerheit og beredskap i eit avgrensa omfang.
Vi søkjer ein positiv person som har interesse for offentleg forvaltning og som ønskjer å bidra til vidare utvikling av litteraturfeltet og det breiare kulturvernområdet. Du følgjer med på utviklingstrekk og blir motivert av å gi god og presis støtte til den politiske leiinga, særleg innan litteraturfeltet.
Stillinga er i vår kulturvernavdeling og i seksjonen som har ansvar for litteratur, språk, samiske saker, nasjonale minoritetar, inn- og utførsel av kulturgjenstandar og aktuelle lover under avdelinga sine ansvarsområde. Seksjonen har ansvar for etatsstyring av Språkrådet og Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje. Seksjonen har ti tilsette, og du vil rapportere til avdelingsdirektøren.
KUD er eit relativt lite departement, prega av mykje offentleg merksemd kring sakene våre og arbeidskvardagen kan difor vere hektisk. Du vil bli del av eit godt og tverrfagleg miljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna innebere:
- forvaltningsoppgåver som å utarbeide talepunkt, bakgrunnsnotat og anna skriftleg materiale, hovudsakleg innan litteraturfeltet, som støtte til den politiske leiinga
- gje faglege råd om vidareutvikling og endringar innan litteraturfetet og kulturvernfeltet elles
Godt samarbeid er viktig for eit velfungerande departement. Stillinga inneber samarbeid med andre departement, underliggjande etatar og andre forvaltningsnivå. Departementet ønskjer at alle medarbeidarar skal bruke kompetansen sin for å støtte kollegaer, også på tvers av einingar. Den som blir tilsett må vere budd på å stille kompetansen sin til rådvelde for andre seksjonar og avdelingar.
Kvalifikasjonar
Du må ha:- relevant mastergrad, gjerne innanfor humaniora, samfunnsvitskap, eller samfunnsøkonomi, med gode resultat
- god kjennskap til eller erfaring frå litteraturfeltet
- god evne til å utrykkje deg, skriftleg og munnleg, på norsk
Det er ein fordel om du har
Departementserfaring kan vere ein fordel, men er ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar:- du har godt humør og samarbeider godt med andre
- du tek initiativ og er fleksibel
- du har stor gjennomføringsevne, høg arbeidskapasitet og gode analytiske evner
- du arbeider ryddig og sjølvstendig, og sikrar framdrift i arbeidsprosessar
Vi vil leggje vekt på om du er personleg eigna til stillinga og kva motivasjon du har for stillinga og arbeidsområdet.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for å bli tilsett.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Vi tilbyr
- lønn frå 570 000-630 000 kroner per år som førstekonsulent og frå 600 000-710 000 kroner per år som rådgjevar
- innplassering som rådgjevar krev minimum to års relevant erfaring
- fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
- høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
- introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
- eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
Vi held til midt i Oslo sentrum og skal våren 2026 flytte inn i det nye Regjeringskvartalet.
Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av politikkområda våre.
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Eskil Havgar på telefon tlf. 22 24 78 55.
Om kulturvernavdelinga
Kulturvernavdelinga har to seksjonar og har ansvar for språk, litteratur, arkiv, bibliotek, visuell kunst, kulturbygg, museumsformål, immateriell kulturarv, krigsgravtenesta og samiske saker. Avdelinga har ansvar for forvaltninga av Språkrådet, Nasjonalarkivet, Nasjonalbiblioteket, KORO (Kunst i offentlege rom) og Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje.
Kontaktperson for stillingen
Eskil Havgar
avdelingsdirektør
+47 22 24 78 55
Om bedriften
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
66ef5de0-f891-4ba2-ab72-059eadcfc5ac
- Sist endret
29. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10279378
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kultur- og likestillingsdepartementet
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Avdeling kunnskapsutvikling, kunst og skole, Kulturtanken
Sted
Oslo
Rådgiver/seniorrådgiver
Arbeidsgiver
Kunnskapsdepartementet
Sted
Oslo