Barnehagelærarstillingar 2024 Surnadal kommune
Surnadal kommune Sentraladministrasjonen
Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Er du på utkikk etter stilling som barnehagelærar no eller frå hausten 2024?Surnadal kommune skal tilsette barnehagelærarar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vi har ledig to faste 100% stillingar no i vår; ei med ønska oppstart 1.mars 2024 og ei med 1.april 2024. Begge desse er ved Øye og Solbakken barnehage.Begge barnehagane har fire avdelingar, to avdelingar for born 0-3 år og to avdelingar for born frå 3-6 år. Barnehagane ligg sentralt i næriken av Surnadal barne- og ungdomsskule, med god tilgang til natur heilt i nærleiken.Øye og Skei barnehage er administrativt samla i ei eining, nok som gjev eit stor fagmiljø. Det er ein felles einingsleiar for barnehagane og ein styrar på kvar av barnehagane.Andre barnehagelærarstillingar kan bli ledig frå hausten 2024. Skriv gjerne litt i søknadsteksten kva som er aktuelt for deg og når du ser for deg at du kan starte.
Om du blir ferdig med utdanninga di våren 2024, er det mogleg å søkje no og få tilbod om tilsetting under føresetnad av dokumentert bestått utdanning.Om du er student på deltid, kan det vere mogleg å legge til rette for arbeid ved sida av studiet.
Kvalifikasjonar/ønske om kompetanse:
- barnehagelærar
- barnehagelærarstudent
- erfaring frå arbeid i barnehage tenkjer vi er bra å ha
- god muntleg og skriftleg framstillingsevne med tanke på god dialog og god dokumentasjon
Det er aktuelt med ped.leiarfunksjon i barnehagelærarstillingar.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Det blir halde samtale med søkarar.
Vi tilbyr:
- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
- studentavlønning
- flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sentraladministrasjonen består av administrativ leiargruppe, stabs - og støtte funksjonane i kommunen:
Personal og stab som inneheld personalavdeling, dokumentsenter/arkiv, publikumsmottak / informasjon og politisk sekretariat.
IKT-avdeling med intern brukarstøtte, opplæring, strategisk IKT, lokale IKT -prosjekt og IKT -prosjekt i IKT Orkide, samt digitale fellessystem.
Økonomi med ansvar for budsjett, rapportering, rekneskap, innkjøp, fakturering og fakturabehandling, løn og refusjonar samt eigedomsskatt.
Det interkommunale samarbeidet der Surnadal kommune har ei sentral rolle, Oppvekstnettverk Nordmøre, inngår også i området.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2549793
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3296967_182023_nn