60% fast merkantil tilsett med moglegheit for 100% stilling avhengig av kompetanse
ARD - ÅRDAL VGS, Vestland fylkeskommune
6884 Øvre Årdal
Om jobben
Stillingstittel
60% fast merkantil tilsett med moglegheit for 100% stilling avhengig av kompetanse
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Årdal vidaregåande skule har om lag 35 tilsette og 160 elevar. Skulen har totalt 10 klassar med tilbod innan studiespesialisering, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen er lokalisert i Øvre Årdal. Vi legg vekt på å skape gode læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Ved skulen er føljande stilling ledig frå 01.08.2025:
60% fast stilling som merkantil tilsett. Det kan bli aktuelt å auke stillinga til 100% for kandidatar med rett kompetanse.
Arbeidsoppgåver
I samarbeid med leiargruppa skal du arbeide med administrative oppgåver knytt til den daglege drifta av skulen.
Oppgåvene er mellom anna:
- Sakshandsaming
- Vikarhandtering
- Eksamensavvikling
- Bidra med skuleårsplanlegging i det skuleadministrative programmet Visma in School
- Internasjonalisering
- Betjene sentralbord og ekspedisjon
- Oppgåver knytt til skulebibliotek
- Marknadsføring av skulen
- Ansvar for skulen si heimeside og ulike kanalar i sosiale media
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person som
- har relevant utdanning innanfor fagfeltet. Minimum fagbrev eller høgare utdanning på bachelornivå.
- har god kompetanse innan IT, marknadsføring, HR og sakshandsaming.
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk.
Det er i tillegg ein fordel om du har
- kjennskap til sakshandsamingssystem.
- kjennskap til skulen sitt administrative system - Visma in School, elle tilsvarande.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- er serviceinnstilt, blid og fleksibel.
- kan arbeida både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre.
- er systematisk, nøyaktig og løysningsorientert.
- er utviklingsorientert med god gjennomføringsevne.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Godt arbeidsmiljø
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
- 6 månadar prøvetid
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Det vert teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingen. Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Geir Kjetil Øvstetun, rektor , 90694334Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4966851535
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Geir Kjetil Øvstetun
rektor
90694334
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2938439
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e76ef8390d9648b2a5c207a102978db3