Ferievikar 2024 - Reinhaldar
Ferievikarar Kristiansund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar 2024 - Reinhaldar
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Operasjon og sterilsentral Kristiansund treng ferievikarar for reinhaldar i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34.
Vi har hovedvekt på ortopedi. Hofteproteser, kneproteser, skulderproteser og revisjonsproteser. Ryggkirurgi, arthroscopi skulder, kne, handledd og ei rekkje andre ortopediske inngrep både inneliggande og dagkirurgi. Operasjonsavdelinga ved Kristiansund sjukehus er en aktiv avdeling, der fleire yrkesgrupper jobber saman i det daglege, til det beste for pasienten.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastast opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reinhald er ein fordel
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal
Kontaktinformasjon
Birgitte Arnøy, Seksjonsleiar, Birgitte.Arnoy@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4732751038
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2495702
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40e05762861d4ca887e344e27f360a47