Barnekoordinator 50% fast
Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnekoordinator
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 29. januar
Vil du vere nøkkelpersonen som gjer kvardagen enklare for barn og familiar?
Vil du være med å styrke tilbodet til barn, unge og familiar med samansette behov?
Vi søker ein engasjert og fagleg dyktig barnekoordinator til vårt team. Stillinga skal bidra til å vidareutvikle barnekoordinatortenesta i kommunen. Og vi ønsker deg med erfaring og/eller kompetanse frå oppvekstsektoren i Stryn kommune.
Som barnekoordinator vil du ha ei sentral rolle i å sikre heilheitleg og koordinert oppfølging av barn og unge med behov for tenester frå fleire sektorar. Du vil jobbe i team saman med barnekoordinator frå helsesektoren og være ein viktig brubyggjar mellom oppvekst, helse og andre relevante teneste.
Du får ei sentral rolle i å gjere ein forskjell for barn og familiar med samansette behov.
Du får vere med å forme tenesta vidare og sette retning.
Du får ein variert arbeidsdag, frå koordinering og planlegging til direkte kontakt med familiar og samarbeidspartnarar.
Du får bruke din kompetanse innan oppvekstfeltet i eit heilheitleg perspektiv.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere og følje opp tiltak for barn og unge med samansette behov, i samarbeid med familien og aktuelle tenester.
- Bidra til god samhandling mellom oppvekstsektoren, helsetenesta og andre aktuelle aktørar.
- Sikre at planar og tiltak blir gjennomført og evaluert i tråd med lovverk og kommunen sine rutinar.
- Være ein støtteperson for barn/familiar i møte med ulike tenester.
- Delta i utviklingsarbeid for å styrke barnekoordinatortenesta.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer primært deg med utdanning/erfaring innan oppvekstsektoren (f.eks. barnehagelærar, lærar, spesialpedagog, barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande).
Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge med samansette behov. Vidare er vi ute etter deg med:
- God kjennskap til oppvekstfeltet og tverrfagleg samarbeid.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande og meningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barn og familiar.
- Eit tverrfagleg team med høg kompetanse og stort engasjement.
- Mogelegheit til å være med å utvikle ei viktig teneste i kommunen.
- Gode arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtalar.
- Kontorstad: Kommunehuset
- Det vil vere mogeleg å kombinere denne stillinga med anna stilling i kommunen. Stillingsprosent etter avtale og eventuelt i kombinasjon med anna stilling. Føretrekt minimum 50%
- Fast stilling
Kontaktinformasjon
Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 STRYN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 5063541818
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 29.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Åshild Heggdal
Einingsleiar miljø- og velferdstenester
93446790
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6694c3b9-4341-4444-ab07-39b3318cc363
- Sist endret
12. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e8aa2c219000485b9c72e70abe6ed001
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Stryn Kyrkjelege Fellesråd
Sted
Stryn
Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Sted
Stryn
Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Sted
Stryn