ID 2469 Sjukepleiar/miljøterapeut - Tenester til heimebuande
Stord kommune
Stord
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Miljøarbeider helse- og omsorg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid, alle dager
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. august
Bustadsosialt team og Ambulant team søkjer etter sjukepleiar - miljøterapeut.
Er du ein engasjert sjukepleiar eller har anna 3 årig relevant helseutdanning, og ønskjer å arbeide med menneske innan psykisk helse og rus. Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt! Helsefagarbeidarar er også velkommen til å søke.
Avdeling psykisk helse og rus i Stord kommune er organisert i Tenester til heimebuande. Innan psykisk helse og rus gir me målretta og fagleg sterke tenester til heimebuande brukarar.
Me har ledig fast 100% stilling som sjukepleiar/miljøterapeut.Stillinga har dagvakter i vekedagar, med arbeid kvar 3. helg i årsturnus.
Arbeidsoppgåver-
Gi helsehjelp og oppfølging til personar med psykiske lidingar og rusutfordringar
-
Arbeide målretta for å fremje meistring, stabilitet og livskvalitet
-
Følgje opp vedtak og melde frå ved behov for endringar i tenestene
-
Være primærkontakt og samarbeide tett med brukarar, pårørande
-
og andre faggrupper
-
Delta i tverrfagleg arbeid og samarbeide med interne og eksterne
-
tenester
-
Utføre dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar, lovverk og krav
-
Bidra aktivt i fagutvikling og kvalitetsforbetring
-
Arbeide etter prinsippet <<Kva er viktig for deg>>
-
Autorisasjon som sjukepleiar eller anna 3 årig relevant
-
Helseutdanning
-
Helsefagarbeidarar kan også bli vurdert
-
Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og/eller rus
-
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
-
Førarkort klasse B
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me ser etter deg som-
har god relasjonskompetanse og evne til å skape tillit
-
har relevant erfaring
-
er fagleg engasjert og ønskjer å bidra til utvikling
-
arbeider sjølvstendig og strukturert
-
handterer uforutsigbare situasjonar på
-
ein trygg og profesjonell måte
-
har gode samarbeidsevner
-
er medviten om fagleg ansvar og etikk
-
tek i bruk velferdsteknologi
-
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
-
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse
-
God opplæring og oppfølging
-
Fokus på kvalitet og utvikling
-
IA-bedrift og bedriftshelseteneste
-
Tilgang til Stord Ve og Vel (velforeininga i kommunen)
-
Lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktinformasjon: Avdelingsleiar Silje Nordtveit Leivestad, mobil 92 64 71 03 eller einingsleiar Kristin Steinsland, mobil 41 69 42 66
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6674157a-b95d-4ebb-908b-179ce32f2fca
- Sist endret
18. august 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
6674157a-b95d-4ebb-908b-179ce32f2fca