Hopp til innhold

Årsvikariat som lærar i 100% på Naturbruk med friluftsliv

Arbeidsgiver

Stend Vgs

Sted

Fanavegen 249, 5244 Fana

Om jobben

Stillingstittel
Årsvikariat som lærar i 100% på Naturbruk med friluftsliv
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.  Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfagleg grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Denne stillinga er knytt til avdeling for Naturbruk og påbygg. 

Arbeidsoppgåver

Vi har ledig 100 % årsvikariat som lærar på naturbruk med friluftsliv frå 01.08.26 til 31.07.27. Undervisninga vil vere i vg1 og vg2 naturbruk med friluftsliv. Mykje av undervisninga vil vere knytt opp til turar, både som dags- og overnattingsturar. Funksjon som kontaktlærar kan verte knytt til vikariatet. 

Kvalifikasjonar

Relevant fagleg kompetanse i programfaga på naturbruk med friluftsliv.  
Brei erfaring innan friluftsliv.  
Formell kompetanse/sertifikat innan fleire av områda; kajakk, klatring, ski, turleiar, guide og reiseliv vert vektlagt. 
Pedagogisk utdanning 
Næringslivserfaring er ønskjeleg 
Kvalifiserte søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår 

Personlege eigenskapar

Ynskjer å bidra aktivt i profesjonsfellesskapet 
Er god på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere 
Har eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste 
Arbeider sjølvstendig 
Er kreativ og løysingsorientert, med evne til å løyse praktisk oppgåver 
Personlege eigenskapar vert vektlagt 

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og i avtaleverk for lærarar i Vestland Fylkeskommune
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Torbjørn Litlere, avdelingsleiar, 40488885

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5097345198
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Torbjørn Litlere

avdelingsleiar

40488885

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

66531126-e609-4917-876e-70f43ac4e762

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

88fc46ca20064322b2532ed282263428

Lignende annonser

Laster lignende annonser