Otterdal Vatne AS søkjer fleire medarbeidarar - bli med på laget innan betongsaging, wiresaging og spesialriving
Otterdal Vatne As
industrivegen 24B, 6155 Ørsta
Om jobben
Otterdal Vatne AS søkjer fleire dyktige og motiverte medarbeidarar som ønskjer ein variert og spennande arbeidskvardag!
Vi er ei mindre bedrift med store ambisjonar, og satsar tungt på betongsaging, kjerneboring, wiresaging og spesialisert riving av større betongkonstruksjonar.
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Betongsager
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Alternativt kan du sende søknad via e-post til fredrik@otterdalvatne.no
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som er praktisk anlagt, nevenyttig og har lyst til å lære eit spennande fag!
Du treng ikkje ha erfaring frå betongsaging eller rivingsarbeid. Vi er først og fremst opptekne av å finne dei rette personane med god arbeidsmoral, positiv innstilling og interesse for praktisk arbeid.
Vi ser gjerne at du:-
Er nevenyttig og trivst med fysisk arbeid
-
Er lærevillig, løysingsorientert og tek initiativ
-
Har god arbeidsmoral og møter opp med ei positiv innstilling
-
Kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre
-
Er fleksibel med tanke på arbeidstid og reiseoppdrag
-
Har førarkort klasse B, gjerne BE
-
Har interesse for maskiner, verktøy og teknisk arbeid
Erfaring frå bygg og anlegg, maskinkøyring, betongsaging eller riving er ein fordel, men absolutt ikkje eit krav.
Vi sørgjer for nødvendig opplæring og ønskjer å utvikle dyktige fagfolk internt.For oss er haldningar, innsatsvilje og personlege eigenskapar viktigare enn ein lang CV.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og omfattar mellom anna:
-
Betongsaging og kjerneboring
-
Wiresaging av betong, fjell og større konstruksjonar
-
Riving og demontering av betongkonstruksjonar, mellom anna ferjekaier, bruer og industribygg
-
Maskinell riving med elektrisk riverobot og gravemaskin
-
Meisling, pigging og anna rivingsarbeid
-
Betening og vedlikehald av moderne maskiner og spesialutstyr
-
Andre oppgåver innan bygg, anlegg og spesialriving
Vi utfører oppdrag på Sunnmøre og elles i landet.
Du vil få ein variert arbeidskvardag med både mindre oppdrag og større, teknisk krevjande prosjekt.
Vi tilbyr
Vi tilbyr:-
Svært konkurransedyktige lønnsvilkår
-
Attraktiv bonusordning
-
Fast tilsetjing i ei solid satsande bedrift i sterk vekst
-
Eit godt, uformelt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Moderne maskinpark med fokus på elektrisk og effektivt utstyr
-
Spennande og varierte arbeidsoppgåver -- frå mindre lokale oppdrag til store spesialprosjekt
-
Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kurs og opplæring
-
Moglegheit til å spesialisere seg innan wiresaging, betongsaging og avansert rivingsarbeid
-
Stor grad av sjølvstende, ansvar og påverknad på eigen arbeidskvardag
Hos oss blir du ikkje berre ein av mange tilsette. Du blir ein viktig del av eit mindre team der innsats, initiativ og gode resultat blir verdsette.
Vi ønskjer å satse på medarbeidarane våre, og meiner at gode prestasjonar også skal lønne seg.Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Otterdal Vatne AS er ei lokal bedrift med base i Ørsta, i sterk vekst og med store ambisjonar for framtida.
Vi har spesialisert oss på betongsaging, kjerneboring, wiresaging og riving av betongkonstruksjonar. Vi utfører alt frå mindre lokale oppdrag til større og teknisk krevjande prosjekt, som riving av ferjekaier, industrikonstruksjonar og wiresaging av betong og fjell.
Vi satsar på moderne maskiner og utstyr, mellom anna elektriske riverobotar og avansert wiresagingsutstyr.
Som ei mindre bedrift legg vi stor vekt på godt arbeidsmiljø, kvalitet og tett samarbeid. Vi er stolte av kompetansen vi har bygd opp, og ønskjer no å styrkje laget med fleire dyktige medarbeidarar som vil vere med på den vidare veksten.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
664d89bb-a853-46e5-9226-061fe758e4e2
- Sist endret
26. oktober 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
664d89bb-a853-46e5-9226-061fe758e4e2