Hopp til innhold

Bustadkonsulent 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Voss herad Sosialfagleg-og ungdomsteam

Sted

Voss

Om jobben

Stillingstittel
Bustadkonsulent 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 16. oktober

Om arbeidsstaden

Stillinga vil vera organisert under Nav Voss, men arbeidsstaden vil vera på Bustadkontoret. Bustadkonsulent arbeider med å skaffe dei svakare stilte i heradet eigen bustad, hjelp til å behalda bustad, meistra eigen busituasjon og å finna sin stad i heimemiljøet. Bustadkonsulenten forvaltar dei ordinære kommunale utleigebustadane, omsorgsbustadane og bustadar for flyktningar. Konsulenten har ansvar for saksbehandling av søknader om kommunale bustadar og bustadoppfylging. Konsulenten arbeidar tett saman med andre kommunale avdelingar. 

 

Arbeidsoppgåver 
  • Forvaltningsoppgåver knytt til utleige av kommunale bustadar. 
  • Råd og rettleiing i forhald til bustadsosialt arbeid i eit tverrfagleg samarbeid. 
  • Sakshandsaming, rapportering og oppfylging av saker. 
  • Ordinær sakshandsaming etter forvaltningslova og bustadsosiallova. 
  • Du må rekna med noko bruk av eigen bil. 

 

Me søkjer 
  • 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant universitets- eller høgskuleutdanning. 
  • Kjennskap til relevant lovverk. 
  • Erfaring frå sakshandsaming. 
  • Gode datakunnskapar. 
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg. 
  • Gode samarbeidsevner og samtidig jobbe effektivt sjølvstendig. 
  • Personleg eigenskapar vil verta vektlagt. 
  • Du må ha førarkort klasse B.  
Personleg eigenskapar
  • Må trivast med å arbeide med menneske. 
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og i team. 
  • Tilpassingsdyktig, strukturert, systematisk og empatisk. 
  • Ansvarsbevisst, må kunne levere resultat og oversikt over eige virke.  
Me tilbyr
  • Gode vilkår for fagleg utvikling. 
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø. 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar. 
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. 

 

Tilsetjing snarast. 

Søknad

Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Merethe Risnes Johansen

47311077

Merethe.Risnes.Johansen@nav.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6630aeaa-070d-4504-a5ce-3cb82d6a483d

Sist endret

16. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3661581_213131_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser