Medisinsk fagleg rådgjevar
Interkommunale helsetenester, Stad kommune
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Medisinsk fagleg rådgjevar
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. april
Interkommunale helsetenester i Nordfjord (IKHT) har ledig 40 % fast stilling som medisinsk fagleg rådgjevar frå 14.06.2025.
Tenesta er eit samarbeid mellom kommunane Kinn, Stryn og Stad. Stad kommune er vertskommune for samarbeidet.
IKHT består av tre einingar: legevakt, legevaktformidling og Øyelikkeleg Hjelp Døgneining (ØHD). Tenesta er lokalisert ved Nordfjord sjukehus.
IKHT sitt hovedoppdrag er å sikre befolkninga sitt behov for kvalifisert medisinsk diagnostikk, rådgjeving og behandling ved akutt oppstått eller ved forverring av sjukdom eller skade, der medisinsk hjelp kan vere avgjerande for liv og helse.
Vi søkjer ein medisinsk fagleg rådgjevar som er motivert for å utvikle tenesta i tråd med nasjonale krav og forskrifter. Medisinsk fagleg rådgjevar er, saman med einingsleiar og avdelingsleiar, ansvarleg for at legevakta oppfylgjer krav i lov og regelverk.
IKHT samarbeider tett med fastlegane og kommuneoverlegane i samarbeidskommunane, samt helseforetak med mål om gode og saumlause tenester.
Arbeidsoppgåver
- Kvalitetssikring av rutinar og prosedyrar i samarbeid med einingsleiar
- Bidra til fagleg utvikling og organisering av Nordfjord legevakt og ØHD
- Sikre rett og kompetent bemanning i legetenesta
- Bidra til informasjon om legevakta til fastlegar og eksterne samarbeidspartar
- Delta på samarbeidsmøte med kommunalsjef, kommuneoverlege og helseforetak
- Behandle klagesaker og avvik
- Ansvar for to årlege legevaktseminar
- Delta i legevaktberedskap for Nordfjord legevakt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Erfaring som lege blir vektlagt, men må ikkje vere spesialist
- Erfaring frå prehospitale tenester og interesse for fagutvikling i akuttmedisin
- Svært god norskkunnskap skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjonsevner og relasjonskompetanse
- Du arbeider systematisk og strukturert
- Du er fagleg engasjert og har fokus på framtidsretta utvikling av tenesta
- Du er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane til Stad kommune finn du her.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og arbeidsattestar saman med søknaden.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Grete Aud Totland.
Kontaktinformasjon
Grete Aud Totland, einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 4947917040
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2910532
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2bf23a03343844e989212ce5d173d3fb