Sjukepleiar - vikariat i heimesjukepleia
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar, 100 % stilling
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Vil du vere med og gi gode helsetenester til menneske i eigen heim? Skjåk kommune har ledig 100 % vikariat i heimesjukepleia fram til 01.03.27.
Vi søkjer ein engasjert medarbeidar som trivst i ein variert og meiningsfull kvardag tett på brukarane.
Sjukepleiar -- 100 % vikariat i heimesjukepleia
Skjåk kommune har ledig 100 % vikariatstilling i heimesjukepleia frå dags dato og fram til 01.03.27. Stillinga er for tida i 3-delt turnus.
Arbeidsområde er i pleie og omsorg, for tida i heimesjukepleia. Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen.
Kvalifikasjonar:
-
Godkjent sjukepleiar
-
Anna helsefagleg utdanning vil/kan bli vurdert
-
Førarkort klasse B
-
Godkjent politiattest
Vi vektlegg at du
-
viser engasjement i faget, kan prioritere i ein travel kvardag
-
har erfaring frå liknande arbeid
-
viser fleksibilitet i høve til omstillingar og løysningsorientert
-
har evne til å arbeide sjølvstendig
-
har gode samarbeidsevner
-
har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
-
har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
-
har generell forståing for bruk av meistringsteknologi
Vi tilbyr
-
Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar - ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid.
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale .
-
Pensjonsordning i KLP.
Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork på telefon 489 97 924.
Søknadsfrist 06.04.2026
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar.
Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vite meir om oss?
Les meir om bygda og barnehagane våre på: www.skjaak.kommune.no
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk.Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no
Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
65fbb309-ff90-4106-ba7a-785056bcf8c3
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
65fbb309-ff90-4106-ba7a-785056bcf8c3