Avdelingsleiar Heimetenesta
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar Heimetenesta
Antall stillinger
1
Heimetenesta i Sveio kommune yt helse- og omsorgstenester til heimebuande i alle alder, i form av personleg og praktisk bistand gjennom heile døgnet. Det er ca 20,5 årsverk, ansatte med høg sjukepleiedekning. Heimetenesta ligger sentralt til i Sveio og vi er samlokalisert med Sveio omsorgssenter. Sveio omsorgssenter og Heimetenesta vil ha ein felles leiar. Avdelingsleiarstillinga er 100% fast stilling dagtid.
Sveio kommune er ein LEAN kommune, kor vi søkjer etter å bli litt betre kvar dag.
Heimetenesta har eit viktig fokus i Sveio kommune, og for å møte morgendagen sine omsorgsutfordringar er vi nå på jakt etter ein avdelingsleiar til å drive utviklinga vidare. Me har eige bemanningssenter med bakgrunn i prosjekt knytt til heiltidskultur, hjå oss har dei aller fleste ynskja stillingsprosent. Me har årsturnus, og er i prosess med å sjå på mogelegheiter knytt til oppgåvefordeling mellom faggruppene.
Vi søker deg som er engasjert, som brenner for leiing og som ynskjer å levere tenester med høy fagleg kvalitet, og som kan vidareføre at vi gir gode berekraftige heilskaplege tenester til innbyggarane våre.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for ulike prosjekter
- Avdelingsleiar har ansvar for drift av avdelinga med personalansvar
- Bidra saman med tilsette å skape eit godt arbeidsmiljø
- Sikre at tenestene vert utført i samsvar med kvalitetskrav og lovverk
- Vere ein god bidragsytar i den heilskaplege og strategiske utviklinga av tenesta
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med leiarerfaring
- Ønskeleg med vidareutdanning i leiing eller tilsvarande
- Ønskeleg med erfaring frå endringsarbeid/prosjektleiar
- Ønskeleg med erfaring frå heimetenesta
- Ordinært førarkort kl B
- God grunnleggande IKT kunnskap
Personlege eigenskapar
Verdigrunnlaget til Sveio kommune er: Uredd, Raus, Open og Lojal
- Du er fleksibel, løysingsorientert, lojal og samarbeidsvillig
- Du må være tydeleg i kommunikasjon
- Du er en tydeleg leiar som vågar, tålar og bryr deg
- Du er strukturert, målretta og har evne til å tenke heilskapleg
- Du har god gjennomføringsevne, er trygg i rollen som leiar og klarar å skape engasjement
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elevar og studentar
- Du må kunne handtera ein variert arbeidskvardag
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeid på tvers av einingane i kommunen
- Tett samarbeid med andre avdelingsleiarar og fagansvarlege
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Tett oppfølging frå leiar
- Faste sosiale arrangement
- God offentleg pensjonsordning
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Krav om godkjent politiattest for personell i helse- og omsorgstenestene.
Kontaktinformasjon
Camilla Selbak, Einingsleiar Pleie og omsorg, 951 54 037Arbeidsstad
Sveiogata 705550 SVEIO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4633828725
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2279612
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7e90d24abc834b8583cbc316d85cd4c4